Leiar i Sogn Avis: Frykt og openheit


LEIAR I SOGN AVIS, 17. SEPTEMBER. Skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Sogn Avis freistar så langt det er mogeleg å unngå bruk av anonyme kjelder i vår journalistikk. Det er no ein gong slik at saker med opne kjelder er mest truverdige og slagkraftige. Men det finst unntak. Av og til er det slik at belastninga for kjeldene med å stå fram med namn og bilete kan vera så stor at det er på sin plass å anonymisera.

Spesielt i saker med stor offentleg interesse og som vedkjem liv og helse.

Eit slikt unntak er saka om forholda ved Lærdal sjukehus. Sist måndag fekk to av sjukepleiarane kommentera ei sak utan at Sogn Avis sine lesarar fekk vita kven dei var. Saka, som gjekk landet rundt siste veke, handla om sjukepleiarane som gjekk med sørgjeband på jobb. Etter kommentarane frå leiinga i Helse Førde til NRK å dømme, skulle ein tru at det handla om ein omfattande og godt organisert aksjon.

Ifølgje sjukepleiarane Sogn Avis har snakka med var det snakk om ein spontan aksjon, der to einslege sjukepleiarar i rein avmakt over innføringa av nytt regime, knytte på seg sørgjeband ei kort stund den første dagen. Mange dagar seinare vart dette ei kjempesak i media.

Kvifor tok ikkje leiinga i Helse Førde seg bryet med å sjekka faktum i saka før dei kommenterte dette? Burde ikkje direktørane ha snakka med sine tilsette før dei var med på å framstilla dette som ein omfattande aksjon, som ein kunne tru hadde lamma heile sjukehuset og øydelagt både for pasientar og pårørande?

Ville leiinga i Helse Førde kommentert saka som dei gjorde, om dei visste kva realiteten var? Og er dette godt leiarskap?

Administrerande direktør Jon Bolstad peikar på at organisasjonen hans har følgt spelereglane i arbeidslivet også i denne saka, og han avviser at Helse Førde har noko ansvar for at saka hamna i media, både lokalt og nasjonalt. Det kan så vera, men er det ikkje leiinga sitt ansvar å ivareta sine tilsette først – sjekka innhald i påstandar som vedkjem dei tilsette før desse blir kommentert – før dette vart lagt ut som ein aksjon som omfatta heile sjukehuset?

Diverre må me nok ein gong konstatere at sjukepleiarar i Helse Førde hevdar at kommunikasjon oppover i denne organisasjonen er den typen som frontar frykt snarare enn trivsel. Det er ille i ein organisasjon som må basera seg på at sine tilsette alt for ofte må gå doble skift for at hjula skal gå rundt.

Det er oppsiktsvekkjande at Lærdal sjukehus kjem så bra ut av ulike pasientundersøkingar som dei faktisk gjer, med slik «oppbakking» frå si eiga leiing. Kor lenge vil det vara – og kva tid skal me få oppleva sjukepleiarar som ope torer å snakka kritisk om sine arbeidsforhold ?


• Les leiaren og kommentarene ved klikke her eller på overskrifta