Nordfjord: Fødeavdeling er ikkje tema for Helse Vest


NRK SOGN OG FJORDANE Å vidareføre dagens fødeavdeling på Nordfjord sjukehus var ikkje tema for Helse Vest under eit ordførarmøte i dag.

Toppleiinga i Helse Vest møtte i dag Nordfjord-ordførarane på sjukehuset på Nordfjordeid for å diskutere framtidas sjukehustilbod. Dette var eit møte som ordførarane hadde bede om.

Helse Vest skal vurdere Helse Førde sitt forslag om å ikkje vidareføre dagens fødeavdeling, men dei er villige til å vurdere ei jordmorstyrt fødestove.

Argumenterer med rekruttering
Ordførarane ønskjer eit samarbeid mellom sjukehusa for å kunne innfri kravet om fire gynekologar på kvar fødeavdeling. Men ordførarane fekk ikkje dei lovnadane dei hadde håpa på.

For administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen, trur dette vil bli vanskeleg.
– Dei slit også med rekruttering på fødeavdelingane av i Midt-Norge og Sunnmøre. Det er ikkje berre Helse Førde som slit med å skaffe gynekologar, men det gjelder også i resten av landet, seier Nilsen til NRK.no.

Alle ordførarane retta skarp kritikk mot det dei kallar dårlege prosessar frå Helse Førde si side, og magel på involvering av kommunene. Vågsøy-ordførar Roger B. Silden sa i møtet at han følte at dei ikkje vart tekne på alvor.

Diskuterte tre alternativ
Helse Vest ville ha synspunkt på tre konkrete alternativ for det framtidige fødetilbodet.

Det eine er Helse Førde sitt framlegg om å legge ned fødeavdelinga, og å oppgradere fødeavdelinga i Førde til kvinneklinikk. Forslaget opnar også for ei eining for barsel og kvinnesjukdomar på Nordfjordeied der gynekologar frå Førde ambulerer.
Det andre er jordmorstyrt fødestove på Nordfjord sjukehus.
Det tredje alternativet er eit forslag om samarbeid om fødetenestene med sjukehuset i Volda.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider og høyr Asgeir Reksnes sin reportasje ved å klikke her eller på overskrifta