Teaterkunst om fødestova i Lærdal

DEBATTINNLEGG I SOGN AVIS, LAURDAG 8. OKTOBER 2011

Teaterkunst om fødestova i Lærdal

Helse Førde-leiinga si handsaming av framtida for fødestova i Lærdal, og framføringa på styremøtet 30. september, var ei oppvising i teaterkunst som toppar det meste av det me har sett frå det lokale helseføretaket vårt, både når det gjeld utforming av manuskript, regi og framføring på scena. Som tilskodar er eg i tvil om prosjektet burde vore profesjonelt anmeldt av Hans Jakob Reite eller meldt til andre instansar.

Saka om fødestova kom opp under punktet "Eventuelt". Ho var ikkje sett opp på innkallinga, ikkje offentleg varsla på førehand og heller ikkje nemnt ved byrjinga av møtet under punktet "Godkjenning av innkalling og sakliste".

Trass i at framlegget til vedtak og rapporten som følgde med tilsynelatande vart delt ut direkte i styremøte, sat godorda laust hjå administrasjon og styremedlemmer denne fredagen. Ein fekk mellom anna høyra at dette var grundig arbeid (Helge Bryne), godt arbeid (Jorunn Ringstad), veldig god og til og med lettlest (Clara Øberg), grunn til å gje skryt til arbeidet og samarbeidet med kommunane (Jon Bolstad), godt underbygd konklusjon (Rune Larsen) og veldig fornøyd med at der er satt inn ROS-analyse(Knut Cotta Schønberg).

Heftet som styret karakteriserer som ein grundig og lettlest rapport er på ni sider. Manusskrivinga er skjedd i Førde, og dei som har signert er tre tilsette ved Kvinneklinikken på Sentralsjukehuset og ein personalkonsulent.

Ved nærare gransking ser ein at innhaldslista tek ei side, så tek "krav til jordmorstyrt fødestove" ei side og kronologisk opplisting av datoar for møte, utsending av møtereferat o.l. heile halvannan side. Vidare er 2,5 side nytta til ein tabell med overskrifta "Risiko- og sårbarheitsanalyse". Til saman utgjer altså opplistingar seks av dei ni sidene i rapporten. Men med vedlegg (fem framsider + ni sider med brevkopiar og møtereferat) har ein fått auka rapportvolumet til imponerande 23 sider. Godt gjort!

Ikkje noko ville vore betre enn om Helse Førde hadde gjennomført ein grundig risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) av situasjonen for gravide og fødande kvinner i Indre Sogn! Det måtte ein vel kunne forventa dersom eit alternativ er nedlegging av heile fødetilbodet i ein region der reisevegen til andre sjukehus er lang og til tider ikkje farbar?

Men Helse Førde skriv sitt eige manuskript, og det er avgrensa. Dei har valt å berre sjå på risiko og sårbarheit for tre område ved etablering av jordmorstyrt fødestove: bemanningssituasjonen, samarbeid med vertskommunen og det medisinskfaglege ansvaret frå Helse Førde. Med dette smale perspektivet fangar ein sjølvsagt ikkje opp konsekvensane av å leggje ned tilbodet, men lat oss likevel sjå på vurderingane som helseføretaket vårt har gjort:

1. "Bemanning". Det mest alvorlege risikoelementet på dette området er at ein enno ikkje har fått dekt den siste 0,75 (!) stillingsprosenten for jordmødre. Helse Førde-leiinga har openbert inga offensiv haldning til å få dekt opp det som manglar, for dei ser ingen mogelegheiter. Men dei vil vel ikkje sjå det, heller? Dei peikar på risikoen for at jordmødre blir pensjonert eller seier opp, men har inga framlegg til avbøtande rekrutteringstiltak eller løysingar slik ein kunne forvente.

Kva har Helse Førde i realiteten gjort for å sikre bemanning av fødestova? Mellom anna dette: Lyst ut stillingar i ferietida, bydd dei svenske jordmødrene med 20-25 års fartstid i Lærdal dårlegare arbeidstilhøve enn før, innkalla til (og gjennomført) intervju med søkjarar på måtar som er uvanlege, unnlete å gje søkjarar tilbakemelding og elles drege ut tida. Det var sikkert overraskande for Helse Førde at dei svenske jordmødrene har så stor lojalitet til Lærdal at dei takka ja, men undervegs har føretaket i alle fall oppnådd å mista (minst) ein annan søkjar til 100% stilling. Godt regissert!

2. "Samarbeidsavtale med vertskommunen". Her har Helse Førde sett opp krav om at kommunehelsetenesta i Lærdal må ta på seg ansvaret for å trå til dersom det oppstår akutte situasjonar på fødestova. Nokre lesarar vil kanskje stusse på at legeberedskapen for fødestova skal vere hjå kommunen og ikkje på sjukehuset, når det er Helse Førde som har det medisinskfaglege ansvaret for tilbodet? Men dette er faktisk i tråd med signala frå sentrale myndigheiter, tru det eller ei.

Det kan sjå ut som helseføretaket hadde håpa at kommunehelsetenesta lokalt ikkje ville ta på seg akuttansvaret. Men den gjorde no det. Helse Førde veit likevel råd når vertskommunen stiller opp. Dei justerer lyskastarane og finn eit nytt problem. Den alvorlegaste risikofaktoren for samarbeidsavtalen er no etter Helse Førde sitt syn at "vakthavande lege kan befinne seg i nabokommunane ved behov på fødestova". Dette har det openbert ikkje vore tenkt på tidlegare. Godt improvisert!

Sett i ein større samanheng, med Samhandlingsreforma som byggjer ned akuttberedskapen ved lokalsjukehusa og flytter ansvar frå sjukehus til kommunehelseteneste, er dette risikomomentet faktisk verdt ein eigen rapport. Men det er ein diskusjon på ei anna og større scene.

Uansett er det underleg at ein, når ein no fyrst tek seg bryderiet med ein ROS-analyse, kan unnlata å sjå på risikoen ved å leggje ned alt. Korleis kan ein ignorere historiene frå kvinner som har erfart at gynekologberedskapen i Lærdal beviseleg berga ungane deira - og kanskje deira eigne liv? Og kvifor ser ikkje ROS-analysen på konsekvensane for den generelle akuttberedskapen når Helse Førde ikkje lenger har operasjonssjukepleiar og anestesisjukepleiar på Lærdal sjukehus etter klokka fire? Passar nedbygginga av akuttberedskapen ikkje inn med manusskissa dei har fått frå departementet?

Under styremøtet kom det òg fram at det har vore eit akutt keisersnitt i Lærdal i haust, trass i at ein på papiret ikkje har hatt eit fødetilbod. Konsekvensane for denne mora og barnet hennar om avviklinga av jordmorberedskapen og gynekologstillinga på sjukehuset alt hadde vore gjennomført vart ikkje kommentert. Det såg ikkje ut til å interessere styremedlemmane, sjølv om det burde vere openbert at det her ikkje berre handlar om teoretisk risiko. Men når ein spelar teater, kan ein kanskje ikkje la verkelegheita forstyrre framsyninga?

3. "Helse Førde sitt medisinskfaglege ansvar" er det siste området som er vurdert i ROS-analysen. Helseføretaket si eiga totale ansvarsfråskriving vert her elegant pakka inn som den største risikoen på dette området. Dei set inn den endelege, velregisserte dødsstøyten mot fødestova i Lærdal med argumentet om at "ingen [på Sentralsjukehuset i Førde] vil ta på seg det medisinskfaglege ansvaret på grunn av at bemanningssituasjonen er for sårbar [i Lærdal]". Tenk det, Hedda! Etter lang tids arbeid for å trenere løysingar og eit bemanningsarbeid som berre var eit spel for galleriet har dei klart å føre oss fram til finalen, avslutningsscena der lagnaden til hovudpersonen synest å vere besegla.

Før applausen overdøyver meg heilt, kan eg på tampen opplyse at kommunane som får rapporten på høyring helst ikkje bør bry seg med å skaffa jordmødre til å dekka opp den 75%-stillinga som manglar. Talekoret på styremøtet uttrykte sterk uro for at dei skulle gjere nettopp det. "Høyring er eit tve-egga sverd", vart det sagt frå scenekanten. Ein fryktar at kommunane kan finne på å insistere på at dei skal vere aktive deltakarar og bidra til å få tilbodet på plass med å trylle fram dei ressursane som manglar. Helse Førde vil ikkje risikere omkamp, så kommunane bør forstå at dei berre har rolla som publikum her. Alternativt kan dei få opptre som nikkedokker i kulissane.

Men kva med dei som med rette skulle ha hovudrolla; fødekvinnene og borna deira? Å nei, dei har manusforfattarane i Førde no redusert til nesten usynlege statistar. Forestillinga er jo sett opp på hovudscena, må vite. Det er ikkje akkurat oppsøkjande teater.

Bente Øien Hauge, Forsvar Lærdal sjukehus