– Vi gir oss aldri i kampen for sjukehusa


NRK SOGN OG FJORDANE Folkerørsla for lokalsjukehusa har planar om nye demonstrasjonar mot regjeringa sin sjukehuspolitikk.

I desember i fjord samla mellom 1000 og 2000 sjukehusaksjonistar seg utanfor Stortinget i protest mot omstillingane som er skjedd med lokalsjukehusa her.

I tillegg samla tusenvis av menneske seg fleire andre stader i landet.

Varslar nye demonstrasjonar

Denne helga har Folkerørsla for lokalsjukehusa hatt landssamling i Oslo, og på ein pressekonferanse søndag føremiddag la sjukehusaksjonistane fram sine krav.

Det kom fram lite nytt, men frontfigur Bente Øien Hauge kunne fortelje at dei ønskjer å dra i gang nye demonstrasjonar mot endringane som skjer i sjukehussektoren.

– Vi planlegg å ha ein ny demonstrasjon utanfor Stortinget før jul. Sjukehussaka er noko lokalbefolkninga brenn sterkt for, seier Øien Hauge til NRK.no.

– Vi gir oss aldri

Saka har vore svært betent, og har ført til mykje sinne på stader der lokalsjukehus har vore truga.

Helseministeren vart bua ut då ho kom opp på scena under demonstrasjonen utanfor Stortinget i desember i fjor.

– Folket har vist at det er lokalsjukehus vi vil ha. Alle fakkeltoga og demonstrasjonane seier sitt. Vi gir oss aldri. Vi skal halde fram kampen, seier Nils Johan Ystanes frå Odda.


Stor usemje

Det er stor usemje om korleis sjukehusstrukturen bør vere.

Fleire helseføretak har vedteke å leggje ned føde- og akuttfunksjonar på lokalsjukehusa, og regjeringa har støtta fleire av vedtaka som er gjort.

– Vi kan ikkje ha tillit til politikarane når dei godtek nedbygging av lokalsjukehusa. Regjeringa har tidlegare gitt lovnader om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned og at vi skal ha nærleik til akutt- og fødetilbod, seier Øien Hauge.


Ulike oppfatningar

– Vi vil prøve å få til eit møte med Stoltenberg der vi vil spørje han om kva eit løfte er verdt. Regjeringa må få auga opp for det som skjer. Bløffen deira vil bli avslørt i 2012 då nedbygginga skjer i praksis, seier Ystanes.

– Men trur de heilt ærleg at regjeringa har vonde hensikter med å gjere strukturelle endringar i sjukehussektoren?

– Vi har to ulike oppfatningar av det som skjer. Dei meiner større pasientvolum og sentralisering av tenestene er betre. Det er vi usamde i. Forandring i seg sjølv er ikkje bra, men det er bra dersom det blir forandra til det betre. Vi vil ha nærleik til sjukehustilbodet, seier Øien Hauge.


– Regjeringa er villeia

– Så de trur dei har vonde hensikter?

– Vi har ulik oppfatning av kva som er rett og gale. Eg trur regjeringa er villeia, seier Øien Hauge.

Dei lærde stridast også om kva som er rett og gale. Leiar i Gynekologforeininga, professor Bjørn Backe ved Kvinneklinikken ved St. Olavs Hospital i Trondheim, meiner at lokalsjukehusa haldast kunstig i livet på kostnad av større sjukehus. Andre fagpersonar meiner det også er viktig med små sjukehus.

Krev ministermøte

– Eg har arbeidd som overlege i mange år på sjukehuset i Narvik. Eg veit av erfaring at vi treng lokalsjukehusa. Pasientane bør behandlast på lågast mogleg nivå, seier Stein Johansen som er pensjonist.

Folkerørsla for lokalsjukehusa var denne veka i møte med statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Robin Koss. Dei meiner regjeringa har liten kontroll på det som eigentleg skjer med sjukehusstrukturen her i landet.

No vil Øien Hauge krevje eit møte med statsminister Jens Stoltenberg.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta