Folkerørsla for lokalsjukehusa med satirisk angrep på sjukehuspolitikken


NATIONEN.NO  Med gateteater utanfor Stortinget gjekk Folkerørsla for lokalsjukehusa nye vegar i kampen mot nedbygging av lokalsjukehus.



—Vi prøver å ironisere over det ribba lokalsjukehuset, seier leiar i Folkerørsla for lokalsjukehusa Bente Øien Hauge.

Saman med ei gruppe andre aksjonistar framførte ho den politisk satiren «Fremtidens lokalsykehus» utanfor Stortinget torsdag ettermiddag.

Brodden var tydeleg sikta inn mot regjeringa, som 1. april i år vedtok pilotprosjektet «Fremtidens lokalsykehus» ved Nordfjord sjukehus, eit prosjekt som skal vere modell for omstillingsprosessar ved andre lokalsjukehus i landet.

Fleire av medlemmene i helsekomiteen hadde møtt opp utanfor Stortinget for å få med seg framsyninga.

Bønder og slaktarar
Kledd i kostyme parodierte aksjonistane eit lokalsjukehus i framtida, der plaster var erstatta med gaffateip, og fødande kvinner fekk beskjed om å knipe godt igjen medan dei blei frakta dei 200 kilometerane til næraste sjukehus.

I tillegg hadde det framtidige lokalsjukehuset rekruttert lokale bønder til å ta seg av dei fødande, dei kunne jo trass alt dette med dyr og fødslar og slikt frå før. Skulle ein trenge ein amputasjon kunne ein alltids nytte seg av den lokale slaktaren.

Bodskapen til statsminister Jens Stoltenberg og regjeringa var klar:

—Det er ikkje rettferdig at folk i distrikta må reise lenger, vente lenger og får dårlegare tilbod enn folk i byane, sa lege Mads Gilbert, som har jobba mykje med akuttmedisin i Nord-Noreg. Han hadde også ei rolle i skodespelet.

—Gode norske akuttsjukehus er ryggrada i akuttbehandlinga i distrikta. Det er kortsiktig og ikkje berekraftig å leggje ned lokalsjukehus, framheva Gilbert i sluttappellen.

Understrekar bodskapen
Leiar i Folkerørsla for lokalsjukehusa Bente Øien Hauge fortel at dei valde å ty til teater for å snakke til politikarane på ein ny måte.

—Viss du har litt humor i ting så hugsar folk det gjerne betre. Når politikarane snakkar om lokalsjukehusa, er det stor avstand mellom retorikk og realitet. Dei seier at folk skal få «nærleik til akutt og føde». Men dei seier ikkje kva som ligg i nærleik.

Fredag får Hauge og dei andre aksjonistane ein ny sjanse til å fremje bodskapen til regjeringa. Då skal Folkerørsla for lokalsjukehusa møte statssekretærane Rita Skjærvik og Robin Martin Kåss, som ei oppfølging av at dei i oktober skulda statsminister Jens Stoltenberg for å ha ein skjult plan for nedbygging av lokalsjukehusa i landet. (©NPK)

• Les saka og sjå biletgalleri i Nationen ved å klikke her.