Nordfjord i storm: Den medisinske akuttberedskapen var ikkje god nok

FJORDABLADET: – Vi har ikkje full oversikt over korleis akuttberedskapen var ved Nordfjord sjukehus i julehelga, det skal vi undersøke nærare. Det vi likevel er klare på er at vi ikkje kan ha eitt akuttmedisinsk tilbod som ikkje sikrar liv og helse til folk i regionen.

Dette sa Ole Petter Henden (Sp), leiar for utval for samfunnsutvikling i Eid kommune, då han møtte statsrådane Liv Signe Navarsete og Magnhild Meltveit Kleppa under synfaringa i Nordfjord fredag ettermiddag.


– Vi har fått ein viktig vekkar i samband med uvêret vi har bak oss. Med stengde vegar både nordover og sørover var det umogeleg for folk som hadde akutt behov for hjelp frå spesialisthelsetenesta å kome seg fram, sa Ole Petter Henden og peikte spesielt på svekka akuttberedskap og stengd fødeavdeling i ein ekstremvêrsituasjon.


– Ikkje minst er det viktig å ha ein fullverdig akuttberedskap i ein situasjon der mykje folk er ute på farlege oppryddingsjobbar under og etter stormen. Den situasjonen vi no har vore gjennom viser endå tydlegare enn tidlegare kor viktig det er at lokalsjukehuset vårt i Nordfjord har eit fullverdig akuttmedisinsk tilbod. Ikkje minst når vi veit at vi kan vente oss meir ekstremvêr i framtida. Vi kan ikkje basere ting på tilfeldigheiter. Situasjonen var ille nok for folk som bur nær sjukehuset, det som er viktig å merke seg er at den var endå verre for dei som bur i kommunane vest for Eid, sa Henden som understreka at ein skal ha ein skikklege gjennomgang og evaluering av situasjonen og kome tilbake til saka når evalueringa er gjort.


Både Liv Signe Navarsete og Magnhild Meltveit Kleppa lytta alvorlege til det Ole Petter Henden sa, utan at saka vart kommentert vidare.


• Les saka og kommentarane i Fjordabladet ved å klikke HER
• Les meir om saka i papirutgåva 3. januar. Du får kjøpt pdf-fil av Fjordabladet frå www.buyandread.com ved å klikke HER