Nordfjordaksjonen tapte rettssaka: Let seg ikkje knekke



FJORDABLADET  Leiar for Sjukehusaksjonen i Nordfjord, Svein Hansen, let seg ikkje knekke av nederlaget i tingretten, men er innstilt på vidare kamp for at innbyggarane i Nordfjord skal ha best mogeleg sjukehustenester.


- Eg er sjølvsagt forferdeleg skuffa over utfallet av rettssaka, men vi har ikkje tenkt å gje oss. Det er mange viktige saker framover, mellom anna Utviklingsprosjektet for Nordfjord sjukehus og innføring av Samhandlingsreforma. Nokon må følgje med og seie ifrå om kva folket meiner, seier Svein Hansen. Han fryktar at det vil bli vanskeleg for dei som er med frå Nordfjord å vinne fram i gruppene som skal jobbe med pilotprosjektet.


Kort fortalt omhandla rettssaka mot Helse Førde at Sjukehusaksjonen meiner at Nordfjord sjukehus etter nedlegginga av ortopediavdelinga, vil kome under den minimumsstandarden som Stortinget har vedteke for lokalsjukehus i Nasjonal helse- og omsorgsplan og at tilbodet vert i strid med spesialisthelselova sitt krav om forsvarleg helsetilbod. Sjukehusaksjonen gjekk til rettssak fordi dei ønskte å vere i forkant for å sikre liv og helse.

  Det går fram av kjennelsen frå Bergen tingrett at folk har krav på helsetenster, men at helseføretaka kan velje ulike organisatoriske løysingar. Pasientane har krav på helsehjelp i samsvar med ein minstestandard, men først når behovet har oppstått for ein pasient kan domsstolane vurdere om pasienten har fått dei ytingane han har krav på. Pasientar har ikkje lovfesta rett til å krevje at behandlinga blir gjort på eit lokalsjukehus.

 - Kjennelsen inneber at du berre kan kome i ettertid, og då med enkeltsaker etter at skaden er skjedd. Økonomisk erstatning i ettertid har dei lite glede av dei som sit som ein grønsak på ein sjukeheim eller er pårørande til pasientar som har døydd, konstaterer Hansen.


- Saka er historisk

Svein Hansen vil ikkje gå konkret inn på kva han meiner om kjennelsen frå rettssaka og om det er aktuelt å anke. Dette vil Sjukehusaksjonen gå igjennom saman med sin advokat komande veke. Men Hansen seier til Fjordabladet at han slett ikkje ser på rettssaka som bortkasta, og at dei no kjem til å gå vidare til det politiske systemet.

 - Saka er historisk, ho vart fremja og ein har fått ein kjennelse som seier slik og slik. I tingretten og kjennelsen har ein fått klart fram korleis Helse-Norge vert styrt, at politikarar og rettssystem er spelt ut på sidelinja. Det er ingen som har noko dei skal ha sagt. Det er fritt fram for slike som Bolstad til å legge løpet. Det skremar meg. Dette systemet er ikkje landet tent med, seier Hansen. Han viser mellom anna til at Helse Førde ikkje forheld seg til Stortinget og Helse- og omsorgskomiteen.   

- Er det slik vi vil at Helse-Norge skal bli styrt?, spør Hansen. Det same spørsmålet vil Sjukehusaksjonen stille til Storting og regjering. Kjennelsen vil bli sendt til helseministeren, helse- og omsorgskomiteen på Stortinget og dei politiske partia får ta stilling til om det er slik dei vil at Helse-Norge skal fungere.

 - Eg meiner at vi i rettssaka har kome langt i å få fram fakta og korleis ting fungerer, men det er ein tragedie at det er Nordfjord og Nordfjord sjukehus som skal måtte blø for å synleggjere dette. Helse Førde er suverene til å kunne bestemme det dei vil. Vi har eit helsesystem som styrer seg sjølv og som set seg på utsida både av det politiske og det rettslege systemet. Spørsmålet er om det er politikarane eller byråkratane som skal styre, seier Hansen. Han peikar på at dette slett ikkje gjeld berre for Nordfjord. Det er mange helseføretak og "Bolstadar" rundt om i landet.


Planlegg medlemsvervande basar

I kjennelsen frå tingretten vart Sjukehusaksjonen pålagt å betale Helse Førde sine sakskostnadar på 402.421 kroner. I tillegg går det fram av rettsdokumenta at Sjukehusaksjonen sjølv har hatt sakskostnader på 440.700 kroner. I somme media har det vore tema om organisasjonen har sterk nok økonomisk ryggrad til å tole dette.

  Svein Hansen seier til Fjordabladet at Sjukehusaksjonen har full kontroll, og at det ikkje er for å finansiere rettssaka at dei no skal til med ein kjempebasar for å skaffe fleire medlemmer.  

- Vi er opptekne av å vise at vi har med oss folket. Folk i Nordfjord har hatt ei utruleg evne til å støtte opp om Sjukehusaksjonen. Det vi ønskjer er å få fleire medlemmer for å vise at organisasjonen har folket si støtte. Det vil vere ein utruleg klar demonstrasjon frå Nordfjord dersom vi klarer å få mange nye medlemmer, seier Svein Hansen. Han har jobba med politikk i mange år og har no vore leiar av Sjukehusaksjonen i Nordfjord i nær ti år.  Heile sitt liv har han trudd på demokratiet og det norske rettssystemet, men ein slik kalddusj som dette gjer at han har vore ein tur i tenkjeboksen.

Men det opphaldet må ha vore kort, for etter å ha trekt pusten litt, er Svein Hansen klar for å halde fram sjukehuskampen i Nordfjord.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her