Regjeringspartnarar og opposisjonen krev skriftleg svar frå helseministeren

NATIONEN.NO Stortingspolitikarar frå regjeringspartia vil be helseministeren om ny skriftleg utgreiing for avviklinga av forsterka fødestover.

Førre veke vart det avdekt at Statens helsetilsyn ikkje har statistisk belegg for sine åtvaringar frå desember 2010 om risikoen ved å føde ved forsterka fødestover.

Dei nye opplysningane har fått helsepolitiske talspersonar både for regjeringspartia og for opposisjonen på Stortinget til å stusse. Dei vil krevje nye skriftleg utgreiingar om vurderingane som låg til grunn for avviklingsvedtaket.

—Vi treng svar frå både Helsetilsynet og Helsedirektoratet på om det faglege grunnlaget for konklusjonane deira framleis er til stades. Dette skal eg ta opp med helseministeren når vi har vårt vekentlege møte med henne, seier helsepolitisk talsperson Geir Ketil Hansen i SV.

Kjersti Toppe i Senterpartiet ser det som lite truleg å få omgjort regjeringsvedtaket, men ho støttar fullt opp om kravet om ny utgreiing av kva som var grunn­laget for konklusjonane frå fagmiljøa. Det same gjer regjeringspartnar Arbeidarpartiet.


Alle støttar 


—Dersom dei to andre krev det, kjem vi til å vere med. Det er klart at det er behov for grundige diskusjonar på bakgrunn av dei nye opplysningane vi har no, seier Jorodd Aspehjell i Ap.

Kravet om utgreiing får også støtte frå opposisjonspolitikarar Laila Dåvøy i KrF og Kari Kjønaas Kjos i Frp.

—Dette er Helsedepartementet sitt ansvar, og eg synest dei skuldar både befolkninga i stort og dei tilsette på desse fødestovene å finne ut kva som har skjedd og å grunngje vedtaket sitt igjen. Det er jo alarmerande dersom det er rett at det er færre skadar ved forsterka fødestover. Då går det ikkje an å berre syne til at desse tala ikkje har vore avgjerande for vedtaket, seier Dåvøy.

Kjos meiner regjeringa bør handsame saka på ny.

—Det er aldri dumt å tenkje seg om fleire gonger når det kjem ny informasjon i ei sak, slik det har gjort her, seier ho.

Ho meiner helse- og omsorgskomiteen på Stortinget også bør diskutere saka.


—På sviktande grunnlag 



Då regjeringa vedtok å avvikle ordninga med forsterka fødestover 1. april i år som følgje av nye kvalitetskrav frå Helsedirektoratet, synte helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen til at råda frå fleire fagmiljø på dette punktet var eintydige.

Nationen har i fleire dagar prøvd å få politisk leiing i Helsedepartementet i tale og få svar på fleire konkrete spørsmål, men utan å lykkast.

Jordmorforeininga har til Nationen understreka at dei ikkje har gjeve råd om at dei forsterka fødestovene skal leggjast ned. Også helsetilsynsdirektør Lars E. Hanssen har nekta for at han har gjeve råd om eller delteke i debatten om organisering av fødetilboda.

Kjersti Toppe seier saka er svært beklageleg.

—Det her skapar ikkje tillit i det heile, verken til oss politikarar eller til fagmiljøet. Aller minst til oss politikarar, som har gjort vedtaket. No syner det seg at vi har teke ei avgjerd på sviktande grunnlag. Det er ikkje bra, seier ho.


—Kvaliteten har vore god 


Toppe seier politikarane burde ha bede om bakgrunnsstatistikk for tilrådingane frå fagmiljøa.

—Lærdommen her er at vi aldri kan vere grundige nok. Samstundes er det nesten umogleg å kryssjekke og be om bakgrunnsinformasjon om alle faglege tilrådingar. Helsetilsynet og Helsedirektorat er der jo nettopp for å opparbeide dei faglege vurderingane vi skal byggje dei politiske vedtaka på, seier ho.

Også Geir Ketil Hansen synest dei nye opplysningane er uheldige. Han påpeikar at statistikken likevel berre er ei side av saka.

—Kvaliteten på beredskapen er også noko ein må ta med i vurderinga, og om det er stabil tilgang på fagleg kompetent personell. Men når statistikken syner at det har vore så få skadar på forsterka fødestover, så fortel det oss at kvaliteten har vore god, seier han.



• Les denne og fleire relaterte saker i Nationen (www.nationen.no) ved å klikke her.