Førde-sjukepleiarar kan få jobbar ved Nordfjord sjukehus


NRK SOGN OG FJORDANE   Dersom Nordfjord sjukehus, i samband med Framtidas lokalsjukehus, får fleire nye poliklinikkar, vil ein måtte hente sjukepleiarar frå Førde sentralsjukehus.

– Dei polikliniske aktivitetane på Nordfjordeid vil jo først og fremst bli drivne av fagfolk og legar og sjukepleiarar som er tilsette ved Sentralsjukehuset, seier prosjektleiar Odd Søreide.
Det er planlagt ei rekkje nye poliklinikkar ved Nordfjord sjukehus i samband med prosjekt Framtidas lokalsjukehus.
Odd Søreide
PROSJEKTLEIAR: Odd Søreide.
Mellom anna er tilbod innan øyre-nase-hals, nevrologi, ortopedi, kirurgi og eldremedisin på trappene.

50 mill. til utvikling av nye tilbod

– Dette er polikliniske tenester som vi trur og meiner og kan dokumentere at folk har bruk for, seier Søreide.
Som kompensasjon for at Nordfjord sjukehus har mista fleire sentrale pasienttilbod, er det sett av 75 millionar i statlege middel til prosjektet «Framtidas lokalsjukehus».
25 av desse millionane skal gå til drift av rusposten, resten til å utvikle eksisterande og opprette nye sjukehustilbod på Nordfjordeid.

Meiner det er nye opplysningar

Men at fagfolk som skal drive poliklinikkane må hentast frå Førde, er tillitsvald for pleiarane ved Nordfjord sjukehus, Oddlaug Lyslo, svært kritisk til.
– Det var veldig mange som reagerte på det. Dette er heilt nye opplysningar i forhold til det vi har fått lovnader om, seier Lyslov.
Ho er klar på at det er pleiarar frå Nordfjord som må prioriterast til jobbane ved dei nye poliklinikkane som skal opnast på Nordfjordeid.

Kallar det lovnadsbrot

At poliklinikkane skal fyllast opp av pleiarar frå Førde, er brot på alle lovnader, seier Lyslo.
– Det tykkjer eg ikkje er rimeleg i det heile tatt, seier Lyslo.
– Men viss det manglar pleiarar og kompetanse på Nordfjordeid, er det ikkje då forståeleg at det vert nytta folk frå Førde?
– Nei, det er ikkje forståeleg i og med at mandatet legg så sterke føringar som det gjer, seier Lyslo.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke HER