Helse Førde: Skaper unødig helsetvil om Nordfjord-prosjektet

AVISA FIRDA, 1.11.2012

Meiner Helse Førde skaper unødig helsetvil
Men Lars Svein Drabløs (FrP) er også oppgitt over aksjonistane
– Helse Førde gir så uklare signal om lokalsjukehusprosjektet i Nordfjord, at det held liv i aksjonistane, meiner Lars Svein Drabløs (FrP). – Vi kan ikkje ta stilling før prosjektet er ferdig, svarar Helse Førdes styreleiar.
Bør jobbe med å bygge fred
Sogn og Fjordane Frps helsepolitiske talsmann meiner at Helse Førde må komme sterkare på banen, i arbeidet med å bygge freden etter sjukehuskrigen. Han ber helseføretaket gå langt meir aktivt ut og markere at det stiller seg bak det nye lokalsjukehustilbodet Helse Vests prosjektgruppe er i ferd med å forme ut, og som det politiske Nordfjord er innstilt på å slå ring om.
Håplaus linje
Lars Svein Drabløs er oppgitt over aksjonistane:
– Aksjonsgruppa legg seg på ei håplaus linje. Dei opptrer som om dei vil legge ned alt på Eid, i hat mot Helse Førde. Vedtaka er gjort, og tida for omkampar er over. Det tilbodet lokalsjukehusprosjektet formar ut, kan bli veldig godt, ikkje minst for dei store brukargruppene av kronikarar og eldre. Orienterer ein seg mot Volda, vil det berre slå tilbake på innbyggarane i Nordfjord.
Skaper uvisse
Men samstundes opptrer Helse Førde på ein måte som held liv i aksjonistane, seier Drabløs til Firda.
– Helse Førde kjem ikkje på banen med den informasjonen og dei klargjeringane som er nødvendige for å skape ro i Nordfjord, seier han.
Helse Førdes styreleiar, Jorunn Ringstad, ser inga konflikt mellom lokalsjukehusprosjektet Helse Vest har regien for i Nordfjord, og helseføretaket.
– Men prosjektet er ikkje ferdig. No får prosjektgruppa fullføre jobben. Så får vi innpasse det gruppa kjem fram til i Helse Førdes drift, innanfor dei økonomiske rammene vi har, seier ho.
Stort samanfall
– Det er diskusjonar undervegs i prosessen, men eg trur både politikarar og tilsette i Nordfjord er klar over at det er svært stort samanfall mellom det prosjektleiinga arbeider med, og det vi er innstilte på å bygge opp. Vi har heller ikkje venta til det kjem eit samla framlegg, men innarbeidd ting som dialyseopptrappinga og barseltilbodet undervegs i prosessen. Planane våre er også ei opplisting av dei same poliklinikkane som prosjektet tek sikte på, seier ho.
– Eg kan ikkje avvise at det kan finnast eitt eller anna element som kan bli vanskeleg å innpasse. Men per i dag ser eg ikkje noko slikt. Eg trur ikkje ein skal konstruere dei store konfliktane, og eg undrar meg litt over kritikken, seier styreleiaren.