Møre-Nytt: Auke i fødselstala ved Volda sjukehus


MØRE-NYTT 27. DESEMBER 2012  
Overføringa av fødande frå Nordfjord til Volda gav auke i fødselstala
Nordfjord-kvinnene sytte for at talet på fødslar ved Volda sjukehus auka litt i 2012.
Då Møre-Nytt snakka med avdelingsjordmor Haldis Nilsen tredje juledag, hadde det vore 417 fødslar på fødeavdelinga i Volda.
– Fem – seks kvinner har termin før nyttår. Og i alle fall ei kvinne har termin nyårsaftan, fortalde Nilsen.

394 i fjor

I 2011 fødde 394 kvinner i Volda. Av dei 417 fødslane på sjukehuset i år var nokre og tretti nordfjordingar. Altså: Dersom gravide nordfjordingar ikkje hadde byrja å reise til Volda for å føde etter at føden på Eid vart lagt ned 1. oktober, ville der vore ein liten nedgang i fødslar på Volda-sjukehuset.
Haldis Nilsen trur fødselstala sin variasjon er nokså tilfeldig. I 2013 reknar Nilsen med at mellom 150 og 200 nordfjordingar vel Volda sjukehus når barnet skal kome til verda. Denne auken vil Volda-sjukehuset ikkje ha problem med å takle.

Ålesund var stengd

– Nei, vi har hatt opptil 700 fødslar på eit år på sjukehuset. Det var ein litt spesiell situasjon då fødeavdelinga i Ålesund ein periode var stengd. I fleire år låg fødselstala på 500–600 fødslar i året. Det var slutten av 1970-talet og byrjing av 1980-talet. På den tida var ikkje sjukehuset i Førde bygt. Men føden på Nordfjord sjukehus eksisterte. Likevel kom der ein del nordfjordingar til Volda for å føde, fortel Haldis Nilsen.

• LES SAKA I MØRE-NYTT VED Å KLIKKE HER