DEBATT: Føretaka står mellom oss og pasientane!


NRK YTRING 2. AUGUST 2013 
RUNE HEGGEDAL, overlege ved Volda sjukehus:
Når sjukehusa våre vert organiserte etter forretningsmessige prinsipp, tek det frå oss moglegheita til å oppfylle vår del av samfunnskontrakten.
Eg har ein avtale med samfunnet. Som lege har eg ansvar for samvitsfullt å gje kvar einskild pasient god helsehjelp. Eg skal vere godt budd med gode kunnskapar og praktisk dugleik, men også med reell vilje til å sjå heile det sårbare mennesket framfor meg, med respekt for integritet og eigenverd. Eg skal vere vaken og ansvarleg i yrkesutøvinga, men og kjenne grensene for eigen kompetanse og kunne lære av eigne feil. Slike krav stiller pasientane og ålmenta til legen, som også eg sjølv gjer til eigen praksis.
For dette ansvaret får eg noko att. Legelivet har vore rikt på både gode og vanskelege opplevingar. Eg vert framleis rørt og kjenner fukta i augekroken når eg får vere med og sjå ei mor halde det nyfødde barnet sitt for første gong. Andre gongar er eg der når ein familie sørgjer ved eit dødsleie. Kanskje kan det vere litt trøyst i at legen er til stades i sorga og prøver å forstå det ufattelege.

Hjelparen si trøyst

Folk ventar ofte at du gjer dei friske igjen. Det er ei god kjensle å få vere med på å gjere det. Men det lukkast slett ikkje alltid. Då er det ei trøyst for hjelparen å vite at han gjorde sitt beste. At eg ikkje slurva, at eg var førebudd, at eg viste at eg bryr meg.
For å kunne gjere dette, må arbeidsplassen vår, sjukehusa, legge til rette for dei gode pasientmøta. Samfunnskontrakten gjeld også på systemnivå. Måten vi organiserer helsetenesta på er avgjerande for om vi kan nå måla som Stortinget har sett for verksemda vår: tryggleik, respekt, kvalitet, likeverd. Sjukehusa våre har dei siste ti åra vore organiserte som helseføretak etter forretningsmessige prinsipp og frikopla frå direkte politisk styring.
Dei siste åra har kritikken mot føretaksorganiseringa auka sterkt og avstanden mellom dei oppsette måla og gjennomført politikk har vorte stadig større. Det skal vere lik tilgjenge på helsetenester og regjeringa lova i Soria Moria-avtalen at ingen lokalsjukehus skulle leggast ned.

Svekka tillit

Likevel har dei statseigde føretaka gjennomført den største endringa i sjukehusstruktur på meir enn 30 år utan politisk handsaming i folkevalde organ. Dette politiske underskotet og svak fagleg grunngjeving for mange endringar, svekkjer legitimiteten for desse endringane. Dette har også ført til at både føretaksleiinga og dei ansvarlege politikarane opplever svekka tillit hos dei tilsette og hos publikum. Lokalsjukehus er nedlagde eller ribba for fagleg innhald, slik at dei ikkje lenger kan gje akutthjelp på forsvarleg måte. Føretaka har hatt fokus på byråkrati, mål og resultatstyring, men manglar auge for pasienten og heilskapleg medisinskfagleg organisering. Stadig «effektivisering» og omstillingsprosessar stel tid og merksemd frå helsepersonellet. Tid vi burde gje pasientane.
I dag brukar legar og anna helsepersonell for mykje tid og krefter på ulike vis å dokumentere «aktivitet» (pasientbehandling) og på å loggføre diagnosar og prosedyrar slik at avdelinga får nok pengar til vidare drift. På alle nivå i helsetenesta brukar vi store personalressursar på dette spelet om pengar, som ikkje ein einaste pasient har behandlingsnytte av.

Meiningslaus forståing av «tillit» og «lojalitet»

Legepliktene kan ikkje slutte ved møtet med einskildpasienten. Som alle andre med særskild røynsle og kunnskap, bør vi som er helsepersonell stille innsikta vår til rådvelde i samfunnsdebatten. Det er vi som møter pasientane kvar dag, ikkje helseteknokratane. At styresmaktene lyttar til praktiserande helsepersonell er heilt avgjerande for ei god utvikling av helsetenesta.
Fleire tilsette som har ytra seg ut frå samvitsperspektiv og åtvara mot omstillingsprosessar i eige føretak eller i kommunen, har blitt straffa for dette av arbeidsgjevar. Dette er uttrykk for meiningslaus forståing av omgrepa tillit og lojalitet. Heldigvis har fleire helsestatsrådar fastslått at tilsette i føretaka har stor ytringsfridom.


Sjølv har eg aldri møtt sanksjonar når eg har ytra meg i media. Erkjenninga av at sjukehusorganiseringa og verdisvikten fører oss på feil kurs i høve det som tener pasientane, er årsaka til at eg har valt å engasjere meg i Helsetenesteaksjonen. Her finn ein alle kategoriar helsepersonell som står saman om å krevje at politikarane skal ta tilbake makta i helsepolitikken og at helsefaglege omsyn igjen skal leggast til grunn for organisering av pasienttilbodet.

Pasienten først!

New Public Management har spela fallitt både i sjukehussektoren og i kommunehelsetenesta. Tida er komen for ideologisk nyorientering og ei endring av styringsstrukturen for helsetenesta generelt. Den offentlege diskursen om verdiforankringa og organiseringa dei siste månadene har vist at det er brei tverrpolitisk semje om behovet for ei slik endring. Alle som er engasjert i sektoren ynskjer ei god utvikling for den norske helsetenesta. Det gjeld helsepersonell og politikarar, men og mange dyktige helseteknokratar og helseleiarar. Vi må starte med å vite kven vi skal tene og så organisere tenesta rundt pasientmøta.
Gamle kjepphestar og prestisje må kastast på bålet. Saman må vi utvikle nye og betre styringsreiskapar slik at det norske folket får dei helsetenestene det fortener. Dette krev at vi alle set pasienten først og at ny organisering vert tufta på heilskapleg medisinsk grunnlag. Slik oppfyller vi vår del av samfunnskontrakten og gjev folk helsetenester med god kvalitet og tilgjenge for alle.
• LES SAKA PÅ NRK YTRING VED Å KLIKKER HER
• FINN LENKAR TIL DEBATTEN/YTRING PÅ FACEBOOK OG TWITTER PÅ NRK YTRING SI SIDE