LILLEHAMMER: Eldre ber for sjukehuset

GUDBRANDSDØLEN DAGNINGEN (GD.NO) 6. AUGUST 2013

15 eldreråd og pensjonistlag i Gudbrandsdalen ber for sjukehuset i Lillehammer.


– Dette er eit viktig signal frå ei brukargruppe som frå før kjem dårlegast ut med omsyn til akutte tilbod i Sykehuset Innlandet, eit signal brukarutvalet i aller høgste grad må ta med i framtidige vurderingar av sjukehusstrukturen.
Det er Frode Veian, leiar av helseutvalet i Pensjonistforbundet Oppland, som gjev uttrykk for dette i samband med felles opprop frå godt som samtlege eldreråd og pensjonistforeningar i Gudbrandsdalen frå Ringebu og nordover.

Uroa

Leiarane i 15 eldreråd og pensjonistforeningar er uroa over framtida for det dei kallar sitt eige sjukehus på Lillehammer, knytt opp mot vedtak om nytt hovudsjukehus ved Mjøsbrua og avvikling av fleire sjukehus.
Dei meiner Oppland er i ei særstilling på grunn av store avstandar og stort pasientgrunnlag.
81.500 personar soknar til Lillehammer.
Gjøvik har fleire, men færre dersom ein ser bort frå Hadeland som ligg nærare andre sjukehus, og Hamar har eit pasientgrunnlag på 69.200 personar, står det i oppropet.

Nær heimplassen

«Vi tykkjer at det er rett at Oppland blir vurdert for seg. Vi ynskjer å hegne om det vi har. Vi meiner, både nå og på sikt, at det beste må vera å leggje dei vanlegaste behandlingane til sjukehuset så nær heimplassen som mogleg, helst må 70 til 80 prosent av alle diagnosar behandlast her.
Vi ber rett og slett om eit endeleg vedtak med dette som målsetting for framtida for vårt sjukehus på Lillehammer», heiter det i oppropet.
Veian opplyser at det er Jon Magne Torkveen, eldrerådsleiar i Lom, som har teke initiativ til oppropet som har fått godt som full oppslutning. Einast Nord-Fron er ikkje med, men om det skuldast mangel på attendemelding eller manglande oppslutning, er ikkje kjent.


• Les saken i Gudbrandsdølen Dagningen (gd.no) ved å klikke HER