MINNEORD




Til Martin J. Bolstads minne

 Då eg for 10 år sidan engasjerte meg i kampen for Lærdal sjukehus, var det ein spesiell mann som hadde gått opp spora framfor meg og som vart ein utrøytteleg og lojal forbundsfelle i tjukt og tynt. Det var Martin J. Bolstad.

Martin brann for lokalsjukehuset med ei kraft som få andre. Han hadde lenge stått i front for å samla inn midlar til å kjøpa nytt utstyr til Lærdal sjukehus - og med det bidrege til eit betre tilbod til befolkninga i Indre Sogn.

I aksjonsgruppa Forsvar Lærdal sjukehus vart Martin ein iherdig vaktbikkje på ”Helsa Førde” sine styremøte (Martin sa alltid ”Helsa Førde” – ikkje ”Helse”) og ein trygg sjåfør på vegen til og frå desse møta.

Martin var praktikar, planleggar og paroleberar i demonstrasjonar. Det var Martin som overrekte listene med over 13000 underskrifter for å bevare akuttberedskap og fødetilbod til helseminister Høybråten i Oslo då me reiste inn dit med buss i april 2003. Han hadde gode nettverk i andre organisasjonar som LHL - og han var minnebank om kva som var skjedd rundt sjukehuset før om åra. Martin sin store kunnskap og gode minne var ein viktig ressurs i aksjonsarbeidet.




Martin hadde alltid eit skarpt blikk for maktmisbruk og fusk, men samstundes var han lenge ein ukueleg optimist når det gjaldt sjukehuskampen. Han ville ikkje - og kunne ikkje - godta urett. Rettferd sat i ryggmargen på han.

Når det storma som verst rundt sjukehuset vårt, og lokalradioen hadde ei sak på lufta, gjekk det aldri lenge før Martin ringte: Har du høyrt på? Høyrde du kva ho sa? Svært ofte hadde han merka seg noko som kunne vere eit poeng for aksjonen å leggja ut på nettet eller nytta i ein diskusjon.

Den mangelen på logikk som ligg bakom nedbygging av helsetjenester i distrikta var uforståeleg og provoserande for Martin. Alle veit kva han ville sagt om tunnelulukka i Gudvangen og behovet for akuttberedskap. Eg høyrer liksom stemma hans og den karakteristiske uttrykksmåten.

Martin var ein god kamerat med eit brennande aksjonisthjarte. Forsvar Lærdal sjukehus heidrar minnet hans med stor takksemd.

Bente Øien Hauge
For aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus  


9.8.2013