NORDFJORD: Helse Førde vil ta 150 m2 av sjukehusarealet i bruk til leilegheit for ambulansetenesta


FJORDABLADET 13. DESEMBER 2013

Ber helseministeren gripe inn

HELSE: Sjukehusaksjonen Nordfjord ber helseministeren om å gripe inn og stoppe bygging av ny ambulansestasjonen inne på Nordfjord sjukehus.
Svein Hansen, leiar i Sjukehusaksjonen Nordfjord, ber helse- og omsorgsminister Bernt Høie om å stoppe bygginga av leilegheit til ambulansepersonell inne på Nordfjord sjukehus. (Arkivfoto.) 
I eit brev til helse- og omsorgsminister ber Sjukehusaksjonen Nordfjord om at helseministeren ta grep slik at Helse Førde sine planar om å ta 150 kvadratmeter av sjukehusarealet ved Nordfjord sjukehus i bruk til leilegheit for ambulansetenesta, blir stogga straks.

− Dette arealet er i dag nytta til medisinske poliklinikkar som gastroenterologisk poliklinikk, hjertepoliklinikk, generelle medisinske tilstandar, diabetespoliklinikk, eldremedisinsk poliklinikk med meir. Poliklinikk-arealet er spesialutstyrt til dette formålet, og har også utstyr og areal til ortopedisk poliklinikk med funksjonsrom, som heldt til der fram til avviklinga av ortopedien 16. desember 2011, skriv leiar i Sjukehusaksjonen Nordfjord i brevet til helseminister Bernt Høie.

Vidare i brevet heiter det:
− Dette er areal til direkte pasientretta behandling, noko som eit sjukehus er meint for, og som vi meiner arealet også skal ha som funksjonen også i framtida.  Å bruke sårt tiltrengt pasientareal til leilegheit er ikkje akseptabelt. Ambulansestasjonen på Eid held i dag til i oppgradert og moderne husvære heilt i nærleiken av akuttmottaket til sjukehuset, og vi ser ikkje behovet for å endre på dette.  Ambulansepersonalet på Eid ser heller ikkje dette behovet.

− Helse Førde har i lengre tid gjort forsøk på å tvinge fram ei omgjering av Nordfjord sjuekhus til eit distriktsmedisinsk senter, men fått avslag frå Helse og omsorgsdepartementet (HOD), jamført brev frå HOD til Helse Vest, datert 01.07.11.  Vi ser på denne planen, om å byggje dette arealet om til leilegheit for ambulansestasjon, som ein lekk i denne planen. heiter det i brevet.
Den nye Regjeringa har lova ein ny Nasjonal helse og sjukehusplan, som vil ta føre seg leiarstruktur, drift og innhald i sjukehusa i landet, også lokalsjukehusa. Før ein veit korleis den nye Nasjonale helse og sjukehusplanen blir, og kva utfall dette vil få for Framtidas lokalsjukehus(NSH), må tiltak som kan vise seg uoppretteleg seinare, stansast. Vi set vår von til at denne saka blir handsama som hastesak og at Helse Førde sine planar om og gjere 150 rutemeter av sjukehusarealet om til ambulanseleilegheit blir stansa straks, skriv Svein Hansen i brevet til helseministeren.


• LES SAKA OG KOMMENTARANE PÅ FJORDABLADET SINE NETTSIDER VED Å KLIKKE HER