NORDFJORD: Helse Førde vedtok avgrensa dagkirurgi




FJORDABLADET 24. JANUAR 2014

Går for avgrensa dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus


HELSE: Styret i Helse Førde vedtok for kort tid sidan at det blir eit avgrensa dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus.

Styret i Helse Førde vedtok fredag å starte opp med dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. (Foto: Tormod Flatebø.)

Både Knut Cotta Schønberg, Helge Bryne, Helse Vest RHF sin representant i føretaksstyret, Anni Felde, Trude Brosvik, Harry Mowatt og dei tilsette sine representantar gav uttrykk for at dei kunne gje tilslutning til at det blir etablere eit sterkt avgrensa dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus.

Det alle styrerepresentantane peikte på er at ortopedi blei nedlagt i 2011, og at ortopedi ikkje blir ein del av eit framtidig dagkirurgisk tilbod ved lokalsjukehuset.

Vedtaket


1. Styret i Helse Førde har i samband med sluttrapport for utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus (NSH) valt å handsame spørsmålet om etablering av dagkirurgisk tilbod ved NSH på nytt.

Vurderingane bygger på talgrunnlag frå 2013, kartlagde lokale føresetnader og generelle krav til god og trygg pasientbehandling. Følgjande faktorar inngår i vurderingsgrunnlaget:
Pasientgrunnlag - Pasienttryggleik – Tilgang på rett og stabil kompetanse - Eksisterande infrastruktur – Nærleik - Samla tenestetilbod i føretaket - Ressursbruk .

2. Ei vurdering av desse elementa kan oppsummerast slik:

a. Gjennomgangen syner mindre pasientgrunnlag og kortare ventetider for dagkirurgi enn kva som tidlegare er lagt til grunn
b. Det er mange og svært ulike fagområde og tilstandar i pasientgrunnlaget
c. Det vil vere krevjande å skaffe tilgang på rett kompetanse sidan fagleg spreiing er stor
d. Det er god kvalitet og kapasitet i dagens organisering med dagkirurgi to stader i Sogn og Fjordane
e. Små sårbare fagmiljø gjer det utfordrande å få til ambulering.
f. Pasienttryggleiksperspektivet tilseier at eksisterande pasientløyper skal nyttast
g. Eit nytt tilbod vil føre til ein kostnadsauke, som må finansierast


3. Etter ei samla vurdering og under føresetnad av økonomisk dekning som nemnt uder punkt 4, vedtek styret likevel at det skal startast opp med dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus i eit avgrensa omfang (om lag 60 dagar i året). Tilbodet må organiserast slik at pasienttryggleik og kvalitet blir godt ivareteke. Fagressursar ved skadepoliklinikken må og kunne nyttast. Eit hovudområde vil vere katarakt (grå stær) pasientar. I tillegg vil Helse Førde løpannde vurdere andre pasientgrupper med lange ventetider. Verksemda ved Nordfjord sjukehus skal ikkje omfatte ortopedi.

4. Det vert lagt til grunn at Helse Vest dekkjer naudsynte investeringar og gir varig deking av meirkostnader ved drifta.

Vedtaket var samrøystes.


• LES SAKA OG KOMMENTARANE I FJORDABLADET VED Å KLIKKE HER


.