NORDFJORD: Senterkvinnene krev fast dagkirurgi ved sjukehuset


FJORDABLADET 23. JANUAR 2014 

I ei fråseng oppmodar Senterkvinnene i Sogn og Fjordane på det sterkaste styret i Helse Førde om å opprette eit fast dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus.

Gunn Sande er leiar for Senterkvinnene i Sogn og Fjordane. (Arkivfoto: Anna Wuttudal.)



I fråsegna skriv Senterkvinnene: − Administrasjonen i Helse Førde, ved Jon Bolstad, gjorde onsdag 13. januar 2014 det klart at det ikkje er grunnlag for å etablere eit fast dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus. I grunngjevinga vart det peikt på at dagkirurgi korkje ville vere berekraftig eller økonomisk. Senterkvinnene i Sogn og Fjordane vil på det sterkaste oppmode styret i Helse Førde om å opprette eit fast dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus.  Vi vil samstundes minne styret i Helse Førde om at intensjonen i prosjektet «Framtidas lokalsjukehus», og påpeike at eit fråver av dagkirurgi vil få framtidige følgjer for lokalsjukehus over heile landet, då dette prosjektet var meint å vere ein framtidig modell for desse.

Politiske føringar
I brev frå helse og omsorgsdepartementet skreiv tidlegare helse og omsorgsminister Jonas Gahr Støre følgjande til Helse Vest: «Utviklingsprosjektet ved Nordfjord sykehus ble opprettet i 2011 som et nasjonalt prosjekt for å utvikle sykehuset som et tidsmessig lokalsykehus for Nordfjord.»

«Oppdraget til utviklingsprosjektet har vært å utforme en modell for Nordfjord sykehus som er fremtidsrettet, og som gir et trygt tjenestetilbud til befolkningen i Nordfjordregionen, samtidig som modellen skulle ha overføringsverdi til andre lokalsykehus Modellen som er utviklet for Nordfjord sykehus vil få betydning langt utover Nordfjord og Helse Førde.»

«Modellen skal støtte opp om målet om likeverdige helsetjenester til befolkningen.  Det er gode argumenter for å opprette et dagkirurgisk tilbud ved Nordfjord sjukehus noe følgeforskningen som er gjort i forbindelse med utviklingsprosjektet, uttalelsene som har kommet inn i høringsprosessen om sluttrapporten og erfaringer med dagkirurgi på andre steder med desentralisert spesialisthelsetjeneste viser».

Nasjonal Helse- og omsorgsplan
− I Nasjonal helse og omsorgsplan kan vi lese følgjande: «Lokalsykehus med akuttfunksjon må som et minimum ha indremedisinsk akuttberedskap, samt kompetanse til å utføre enklere kirurgiske prosedyrer på døgnbasis. Lokalsykehus i områder med lange avstander eller vanskelige kommunikasjonsforhold, har et særlig behov for å kunne håndtere akutte tilstander.»
− Vi kan ikkje sjå at denne planen er ivareteken med vedtaket til administrasjonen som blir lagt fram for styret i Helse Førde den 24.januar 2014, heiter det i fråsegna.

Nok pengar
− Det vart tildelt 75 millionar kroner til dette fordelt over tre år, så vi må tru at det er nok pengar igjen til innføring av dagkirurgi ved framtidas lokalsjukehus på Nordfjordeid. Senterkvinnene i Sogn og Fjordane vil med dette be om at Helse Førde/Helse Vest og helse- og omsorgsminister Bent Høie grip inn i forhold til administrasjonen Helse Førde sitt framlegg til vedtak og endrar det til ei positiv innstilling til innføring av fast dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus, slik både lova og intensjonane hos den tidlegare helseminister var. Senterkvinnene i Sogn og Fjordane åtvarar mot å la vere å innføre dagkirugi på eit lokalsjukehus som var meint å vere ein modell for resten av lokalsjukehusa i landet, heiter det i fråsegna frå Senterkvinnene i Sogn og Fjordane.


• LES SAKA OG KOMMENTARANE I FJORDABLADET VED Å KLIKKE HER


.