PSYKISK HELSEVERN: Kritikk av Helse Førde si rapportering av drifta innan psykisk helsevern

INNLEGG I NETTDEBATTFORUM FOR AVISA FIRDA, ORIGO, 26. NOVEMBER 2013

Styret i Helse Førde får kvar månad presentert tal og statistikkar for drifta i helseføretaket. Administrasjonen legg fram oversikter over tal døgnopphald, konsultasjonar, økonomi, epikrisetid, sjukefråvær osv. Innan psykisk helsevern (PHV) i Helse Førde (HF) blir det trekt fram at det er mange utskrivingar, ingen korridorpasientar og driftsresultatet viser millionar i overskot. Rapportane fortel om solid drift. Mange pasientar og pårørande opplever det ikkje slik.
Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse, LPP, Sogn og Fjordane, er kritiske til rapportane som blir lagt fram for styret. 
Vi er også kritiske til HF sin rapportering til Helsedirektoratet, ved Samdata, som kvart år utarbeidar rapportar som viser drifta i helseføretaka i Noreg. Samdata-rapporten for 2012 viser at HF har rapportert inn 71 døgnplassar innan PHV pr. 31.12.2012. På dette tidspunktet var 6 døgn-plassar ved sikkerhetsavdelinga på Tronvik teke ut av drift. 
LPP har i 2010 teke opp ei liknande sak med fagsjef Hans Stenby i Helse Vest. Han skriv: Når det gjeld rapportering av talet på senger i Helse Førde er Helse Vest einig med LPP om at denne ikkje har vært heilt korrekt. Det er ikkje oppstilte fysiske senger som skal rapporterast men senger som er tilgjengelege for bruk (Sitat slutt). 
Rapportering av feil tal døgnplassar fører til at utrekna beleggsprosent blir for lav i høve til realitetane. Innrapportering frå HF innebere at beleggsprosenten for 2012 er utrekna til 80%. Dvs. at gjennomsnittleg 14 døgnplassar var ledig heile året. Dette er noko som verken personale i PHV, pasientar eller pårørande kjenner seg att i. Helse Førde kan då vise til at det er god kapasitet innan PHV og styret får ei urett oppfatning av situasjonen. 
HF har i fleire år gitt lovnadar om at polikliniske konsultasjonar skulle aukast når det vart redusert bruk av døgnplassar. Samdatarapporten for 2012 viser at både bruk av døgnopphald og tal polikliniske konsultasjonar er blitt redusert. Styremedlemmane er kjent med dette og vedtek likevel stadig nye nedskjeringar. 
Når administrasjonen la fram verksemdrapporten for september 2013 vart det framheva at det er fleire utskrivne pasientar frå døgnbehandling enn planlagt og i forhold til fjoråret. 
  • - Det blir høge (gode?) tal for utskrivne pasientar når pasientar blir utskrivne før dei er ferdig behandla og reinnlagt. 
  • - Det blir også registrert som utskriving når pasientar blir flytta mellom ulike institusjonar.
Utskriving av pasientar som ikkje er ferdigbehandla og flytting mellom institusjonane blir resultatet av for få tilgjengelege plassar. I styremøta i HF blir det trekt fram som positivt at det er mange utskrivingar og kortare liggetid. 
Tal utskrivingar dokumenterer ikkje noko anna enn kor mange senger som er blitt vaska og klargjort til neste pasient, og kor mange epikriser som skal skrivast. 
Administrasjonen uttrykkjer også stor tilfredsheit med at det ikkje er korridorpasientar i PHV. Det blir ikkje rapportert at Psykiatrisk klinikk i Førde ofte er avhengig av at pasientar ved den opne avdelinga reiser på helgeperm for at HF skal ivareta plikta si til å ta imot øyeblikkeleg hjelp-pasientar. 
Plassmangel kan også føre til at pasientar blir utskrivne i forkant av helg sjølv om det er ei dårleg løysing for pasienten. 
Pasientar og pårørande opplever situasjonen som trasig. Pasientar blir ikkje plassert på korridor, men blir utskrivne eller flytta mellom avdelingar. Psykisk sjuke pasientar treng ro, kontinuitet og gode relasjonar. Pasientane får eit dårlegare tilbod når det er overbelegg. 
Vi reagerer på at overbelegg ikkje blir rapportert til styret slik at dei får kjennskap til situasjonen.
LPP Sogn og Fjordane har erfart at pasientar og pårørande innan PHV sjeldan klager på tenestetilbodet sjølv om dei opplever det mangelfullt. Årsakene til dette er m.a. at dei ikkje kjenner til kva rettigheter dei har og kven dei skal klage til. Dessverre er det også mange tilfelle der verken pasientar eller pårørande vågar å klage. 
LPP meiner at det er viktig at helsepersonell, administrasjon, styret i HF og politikarar får kjennskap til pasientar og pårørande si erfaring innan PHV og rusbehandling. Tilbakemeldingar og klager kan medverke til å forbetre behandlingstilbodet. Det er også viktig å gi positive tilbakemeldingar på det som fungerer godt. 
Tal og statistikk kan brukast til å gi urett bilete av situasjonen. Vi etterlyser brukarundersøkingar som kan vise pasientar og pårørande sine erfaringar. 

Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helsevern, LPP, Sogn og Fjordane 
ved Astrid Gytri, styremedlem.


tysdag 26. november 2013 kl 12

• LES ORIGINALINNLEGGET OG KOMMENTARER I AVISA FIRDAS DEBATTFORUM, ORIGO, VED Å KLIKKE HER