ODDA Full forvirring om Høie sin plan. Lysbakken bekymra for forvitring

NRK HORDALAND 9. MAI 2017  JOURNALISTAR ELISE FARESTVEIT OG EVA CATHRINE BERGET

ILLUSTRASJON FRÅ NRK HORDALAND SITT OPPSLAG 9. MAI 2017

ILLUSTRASJON FRÅ NRK HORDALAND SITT OPPSLAG 9. MAI 2017

 

Full forvirring om Høie sin plan for akuttkirurgien i Odda

Helse- og omsorgskomiteen går inn for at akuttkirurgien ved Odda sjukehus vert vidareført som i dag, slik helseministeren foreslår. – Her er ikkje er noko som garanterer mot ei forvitring, seier ein bekymra SV-leiar.

Tysdag gav Helse- og omsorgskomiteen si innstilling i saka om Odda sjukehus. Det skjer dagen etter at helseminister Bent Høie snudde i sjukehussaka, og lova at den samla beredskapen ved Odda sjukehus skal haldast på dagens nivå.

I innstillinga heiter det at «flertalet i komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Venstre, legger statsrådens svar til grunn og vurderer det dithen at det nå er gitt forsikringer om at en grunnleggende akuttberedskap for befolkningen, i tråd med Innst. 206 S (2015–2016), er ivaretatt».

– Vi har fått garantiar for at beredskapen skal haldast oppe på noverande nivå, seier Ruth Grung (Ap), som er saksordførar for saka i komiteen.

– Tryggare enn nokon gong

Grung fortel at det framleis skal vere kirurgar tilknytt sjukehuset, og at dei skal få opplæring til å handtere kompliserte skadar og alvorleg sjuke.

– Det står no breitt fleirpolitisk at Odda sjukehus framleis skal vere akuttsjukehus. Sjukehuset har aldri vore tryggare enn no, seier Grung.

Helseministeren sjølv seier at løysinga gir tryggleik for at sjukehuset skal ha den same beredskapen som i dag.

– Ikkje godt nok

Men Senterpartiet, KrF og SV synest ikkje dette er godt nok. Kjersti Toppe (Sp) er ikkje nøgd etter tysdagens innstilling frå helse- og omsorgskomiteen.

– Det er mange spørsmål som no reiser seg. Det siste Odda treng er uklare vedtak, seier Toppe.

Ho reagerer spesielt på at Høie ikkje nyttar omgrepet «akuttkirurgisk beredskap med traumefunksjon», som er nøkkelorda for ei ordning med kirurgar på vakt døgnet rundt.

SV-leiar Audun Lysbakken meiner òg at det er mykje som er uklart.

– Eg skulle eg ønskje det var endå tydelegare føringar på at det er dagens akuttkirurgi og beredskap som skal vidareførast. Det er framleis spørsmål som står att å få svar på.

– Så når Høie seier at den samla beredskapen skal haldast på dagens nivå, er ikkje det godt nok?

– Eg vil i alle fall ha ei konkretisering av kva det betyr. Eg saknar ei klar formulering, og det gjer meg uroleg at ein ikkje kan vere tydelegare. Då vert eg mistenksam.

1. mai lova Ruth Rung (Ap) framfor tusenvis av frammøte i Odda at dagens akuttkirurgi skulle sikrast og vidareutviklast.

– Det er vanskeleg å forstå kvifor ein ikkje kan bruka ordet vidareutvikling òg i vedtaket. Dermed vert eg uroleg for at dette i realiteten ikkje er noko som garanterer mot ei forvitring, seier Lysbakken.

Sjukehusvalet er nøgde

Hjå Sjukehusutvalet i Odda har pipa derimot ein annan lyd.

– Vi oppfattar dette slik at Oddamodellen med kirurgisk akuttberedskap og behandling skal vidareførast på døgnbasis. Vi er nøgd med å ha fått gjennomslag, og er klar for å følge opp at vedtaket vert iversett, seier ordførar i Odda, Roald Aga Haug.

– No nærmar vi oss målet, seier leiar i Lo i Indre Hardanger, Terje Kollbotn.

Han er glad for at helseministeren har snudd, men vil i likheit med Lysbakken ha ei klar presisering på om innstillinga inneber at dagens modell med døgnbasert akuttkirurgi skal vidareførast.

– Det har vore mykje tåkeprat i denne kampen, og no håper vi å få klare svar i stortingsdebatten på måndag.

Endeleg behandling i Stortinget skjer 15. mai. Dagen etter kjem helseministeren til Odda.

 

• LES SAKA PÅ NRK HORDALAND SINE SIDER VED Å KLIKKE HER