ODDA-OSLO Komplett opplegg for turen og arrangementet 15. mai

 LO i Indre Hardanger

 

PROGRAM FOR TUREN TIL STORTINGET FOR Å SIKRE FORTSATT AKUTTKIRURISK BEREDSKAP VED ODDA SJUKEHUS

 

Mandag 15.mai kl. 12.00 skal Stortinget slutthandsame saka om fortsatt akuttkirurgi ved Odda Sjukehus. Denne saka er og viktig for andre lokalsjukehus.  Dette har vore eit folkekrav i heile Odda lokalsjukehusområde i lang tid, og kom sterkast til uttrykk når over ein tredel av befolkninga (over 4000) gjekk i 1.mai-tog i Odda nyleg bak dette livsviktige kravet.

 

Søndag 14.mai

 

Kl. 11.00 reiser ein større delegasjon av lokalpolitikarar, fagleg tillitsvalde, sjukehustilsette, elevrepresentantar og andre sjukehusaktivistar i Indre Hardanger frå Odda til Oslo for å fylgje stortingsdebatten fram til endeleg vedtak på mandag.

Undervegs blir det lunsj med spanande program i det gamle Folkets Hus (no Rjukanhuset)

kl. 14.00 på Rjukan (der lokalsjukehuset vart lagt ned i 2014). Her er LO i Tinn hovedarrangør.

Leiar i LO i Tinn, Tom Nilsen vil ynskje velkomen. Leiar i LO i Indre Hardanger, Terje Kollbotn vil orientere om kampen for Odda Sjukehus før filmen «1.mai 2017 blir vist». Ordførar i Tinn, Bjørn Sverre Birkeland vil halde appell. Han er og leiar i KIL (Kommunane sin interesseorganisasjon for lokalsjukehus). Tidlegare ordførar og sjukehusaktivist på Rjukan vil avslutte arrangementet før

avreise til Oslo kl. 15.00.

Kl. 19.00 blir det pressekonferanse på Hotel Bondeheimen om programmet i Oslo på mandag og visning av dokumentasjonsfilmen «1. mai 2017 i Odda». Her vil og filmskapar Magnus Hisdal frå Hardangerfjord Media AS vere tilstades.

Kl. 20.00 blir dokumentasjonsfilmen «1. mai 2017 i Odda» lagt ut på facebook-sida «Kampen for Odda sjukehus» og på Youtube. Denne skal og visast på storskjerm til stortingsrepresentantane og andre ved Løvebakken frå mandag morgon.

 

Mandag 15. mai

Utsendingane frå Indre Hardanger vil vere på plass rundt Stortinget

frå kl. 0800 for å ynskje stortingsrepresentantane velkomne til ein ny arbeidsdag med ei helsing og ein invitasjon til å stille opp på

markeringa vår på Eidsvolls plass foran Løvebakken kl. 10.00-11.30,

før debatten startar i Stortinget kl. 12.00.

LO i Indre Hardanger har fått god hjelp av LO i Oslo i førebuingane til dette arrangementet.

På Eidsvolls plass riggar vi oss med faner og flagg, scene og lydutstyr og ikkje minst den legendariske talarstolen i Odda, bygd for Folkets Hus i 1914. Denne vart seinast brukt på folkemøtet i Odda 1. mai. Utstyret tar vi med over fjellet i ein stor varebil utlånt av Odda kommune.

 

Program på Eidsvolls plass mandag 15. mai:

10.00: Velkomstord ved leiar i LO i Indre Hardanger, Terje Kollbotn. Korte appellar frå ordføraren i Odda, Roald Aga Haug og andre representantar frå Odda sjukehusområde. .Kulturinnslag. Filmframsyning frå sjukehusaksjonen i Odda 1.mai 2017.

10.30: Helsingar frå stortingsrepresentantar og andre som støttar kampen for fortsatt akuttkirurgi ved Odda sjukehus.

11.00: Helseminister Bent Høie og stortingspresident Olemic Thommesen vil ta imot alle underskriftslistene i Indre Hardanger bak folkekravet om fortsatt akuttkirurgi vedOdda Sjukehus. Fleire helsingar, sluttappellar og kulturinnslag.

Helsing frå LO i Oslo ved sekretær Ingunn Gjerstad. Avslutningsord frå LO i Indre Hardanger ved reiseleiar Andreas Jacobsen og leiar Terje Kollbotn

11.30: Nedrigging før vi fyller galleriet i Stortinget og fylgjer debatten frå kl. 12.00 i Stortinget. Dei fem første sakene i køyreplanen vedrører på ulikt vis Odda Sjukehus.

Kl. 15.00: Oppsummering på Eidsvolls plass foran Løvebakken etter debatten i Stortinget. Dersom saka får eit positivt utfall (slik mykje kan tyde på), blir det ei enkel feiring før heimreise til Odda etter voteringa.

 

For ytterlegare spørsmål eller kommentarar, ta gjerne kontakt med

Terje Kollbotn (leiar i LO i Indre Hardanger)

på e-post: terje.kollbotn@gmail.com eller telefon 97194073