ODDA: Rapporten er feil og tendensiøs

FOTO ØRJAN DEISZ, BERGENS TIDENDE

FOTO ØRJAN DEISZ, BERGENS TIDENDE

BERGENS TIDENDE 2. JANUAR 2016, JOURNALIST KARI PEDERSEN

- Sjukehusrapporten er feil og tendensiøs

Striden om akuttkirurgien på sjukehuset i Odda spissar seg til. Fleirtalet skuldar no mindretalet for udemokratisk framferd.

Å ha kirurgar på vakt døgnet rundt på eit av landets minste sjukehus, kostar seks til åtte millionar kroner årleg. Dette kjem fram i ein viktig rapport om sjukehuset i Odda som blir offentleggjort i dag. 

Prosjektgruppa bak rapporten er splitta. I gruppa på 15 personar vil 11 halde på akuttkirurgien. Desse 11 representerer lokalsamfunnet og dei tilsette på sjukehuset. Mindretalet på fire vil leggje ned og bruke pengane til å utvikle andre tilbod ved sjukehuset. Dei fire er prosjektleiar Helge Bryne og leiarar i Helse Vest og Helse Fonna.

Skriv krast brev

Odda-ordførar Roald Aga Haug (Ap) skuldar no mindretalet for å opptre udemokratisk og overkøyre fleirtalsmeininga.

I eit krast brev til styret i Helse Fonna og Helse Vest skriv ordføraren at rapporten ikkje speglar fleirtalet sine meiningar. 

«Den inneheld feil og har til dels eit tendensiøst innhald som byggjer opp under prosjektleiar sine meiningar og konklusjon», står det i brevet. 

– Det blir heilt feil når prosjektleiar og sekretariatet suverent kan avgjere ordlyden i rapporten. Vi har gjort fleire forsøk på å rette feil og få med fakta vi meiner er viktige, utan å få gjennomslag. I den endelege rapporten er våre formuleringar ikkje med, seier Haug til BT.

– Såleis kunne prosjekteigar like godt ha skrive rapporten etter eige hovud først som sist. Dei pressar gjennom sine formuleringar og nektar fleirtalet å få med logiske argument for akuttkirurgi, legg han til.

Alternativ rapport

Fleirtalskonstellasjonen har brukt romjula til å redigere sin eigen versjon av prosjektrapporten. Her har dei stroke og lagt til, slik at teksten i større grad stør deira konklusjon: Odda må få halde på ordninga med akuttkirurgi sjølv om dette er kostbart. 

  • Prosjektgruppa har gjennomgått alle skadde pasientar ved sjukehuset frå juni 2013 til juni 2016. På desse tre åra fann dei 11 tilfelle med alvorleg skade, det vil seie i snitt firei året. Fleirtalet har laga ei liste med langt fleire eksempel. Berre siste halvåret er det gjort eit hastekeisarsnitt og berga eit tilfelle av stygg skade etter knivstikking. 
  • Prosjektgruppa har analysert forholda på vegane ut frå Odda i 2014 og 2015. I alle retningar har vegane vore stengde opptil sju gonger årleg, men minst ein av fire vegar har alltid vore open. Fleirtalet meiner dei må ta høgde for at vêret blir villare og våtare. Talet på dagar med vegstengingar og dårleg flyvêr vil auke. 
  • Fleirtalet meiner det er medisinsk uforsvarleg å stå utan kirurgisk beredskap, så lenge reisetida til næraste sjukehus er meir enn to timar i alle retningar. Turismen aukar sterkt, Odda har ein aukande mengde traumealarmar og ligg utsett til for dårleg ver og stengde vegar. 
  • Utan akuttkirurgi blir det vanskelegare å rekruttere legespesialistar og turnuslegar. Sjukehuset risikerer å miste skadepoliklinikken.

Offentleg i dag

Prosjektleiar Helge Bryne vil ikkje kommentere kritikken frå ordføraren, sidan rapporten enno ikkje er offentleg. Den skal overleverast måndag klokka 13 til prosjekteigarane Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest og Olav Klausen, administrerande direktør i Helse Fonna.

Bryne legg til at han har invitert fleirtalet til å sende inn sine synspunkt, som så vil følgje som vedlegg til rapporten, som no skal ut på høyring.

• LES SAKA I BERGENS TIDENDE SI NETTUTGÅVE BT.NO VED Å KLIKKA HER