VOLDA, ORKDAL, NAMSOS Beheld akuttberedskapen

NRK MØRE OG ROMSDAL   9. MARS 2017  TERJE REITE OG MAGNAR BRANDSETH

 

FOTO FRÅ SAKA PÅ NRK MØRE OG ROMSDAL SINE NETTSIDER

FOTO FRÅ SAKA PÅ NRK MØRE OG ROMSDAL SINE NETTSIDER

 

Helse Midt-Noreg bergar akuttberedskapen i Volda, Orkdal og Namsos

Styret i Helse Midt-Noreg har i dag vedteke at det framleis skal vere akuttkirurgisk bereskap både i Volda, Orkdal og Namsos. Avdelingane må inngå nært samarbeid med andre sjukehus i regionen.

 

Dei ulike helseføretaka hadde alt gjort sine lokale vedtak om å oppretthalde akuttkirurgien ved desse sjukehusa. I dag godkjende styret i Helse Midt-Noreg planane.

Vidareføringa av akuttkirurgisk beredskap ved dei minste sjukehusa er avhengig av at desse sjukehusa inngår tett samarbeid med større sjukehus i same helseføretak.

 

Samarbeid mellom sjukehusa

Det inneber at Volda-sjukehuset skal stå i nært samarbeid med Ålesund sjukehus, Namsos skal samarbeide med Levanger og Orkdal skal inngå eit tett samarbeid med St. Olavs Hospital.

– No har vi lagt eit godt vedtak som peikar framover. Det er heilt klart at både Namsos og Volda har fått signal om dette tidlegare. Orkdal har hatt eit langvarig samarbeid med St. Olavs Hospital, seier administrerande direktør i Helse Midt-Noreg Stig Slørdahl.

 

Standardiserte pasientforløp

Eit av grunnlaga for å kunne samarbeide så tett som desse avdelingane skal gjere framover, er arbeidet med å innarbeide standardiserte pasientforløp også i akuttkirurgien. Dette skal mellom anna gjere det enklare for kirurgar å gjere ein jobb i ei operasjonsstove, enten ho er plassert i Volda, Ålesund, Orkdal eller Namsos, Levanger og Trondheim.

– Vi meiner vi har gjort eit godt vedtak i dag. Framtida handlar om samhandling mellom sjukehusa. Vi trur at det i framtida vil handle om ei endå tettare samhandling både innanfor helseføretaka og mellom helseføretaka i regionen, seier styreleiar Ola Strand.

 

– Må utnytte kompetansen betre

Tett samarbeid mellom sjukehusa var eitt av argumenta som blei brukt også av dei som ivra for å legge det nye, felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal til Hjelset i Molde. Her blei det hevda at det vil vere lettare å få til eit samarbeid mellom det nye sjukehuset og sjukehuset i Ålesund om det blei plassert i Molde enn om det blei plassert i Kristiansund.

Denne tankegangen er tydeleg også når det gjeld korleis akuttberedskapen no blir organisert. I planane for Ålesund og Volda heiter det at «den kirurgiske aktiviteten innan nedslagsfeltet til Volda sjukehus og Ålesund sjukehus skal organiserast, utviklast og drivast som ei felles eining».

– Framover må vi ha tett samarbeid mellom sjukehusa for å få utnytta kompetansen på tvers av dei einskilde sjukehusa, seier Ola Strand.

Vedtaket blir no sendt inn til Helse og omsorgsdepartementet som gjer det endelege vedtaket.

 

• KLIKK HER FOR Å LESE SAKA PÅ NRK MØRE OG ROMSDAL SINE NETTSIDER