Oddmund Hoels appell på "Politikk og musikk for lokalsjukehuset" i Lærdal 13. februar


FRA KRUNDALSBLOGGEN, ODDMUND HOEL I går kveld hadde Forsvar Lærdal sjukehus, Lærdal Musikklag og Lærdal Frivilligsentral tromma saman til stor tilstelling med musikk og politikk for sjukehuset. Over 300 hadde møtt fram i den fullsette Storstova på Lærdalsøyri skule, og frå Jostedalen var det tinga folkemusikkinnslag og appell. Kine Svori (14) gjorde stor lukke med hardingfela og kvedarrøysta si, og eg fekk gleda av å seia dette (med nokre illustrerande lenkjer):


Godtfolk!
Det er eit trylleord som førekjem oftare og oftare når det er snakk om sjukehus og andre offentlege tenester, og det er ordet kvalitet. Det kan sjå ut som eit uskuldig og tilforlateleg ord, for ingen er vel mot god kvalitet.

Det gjekk eit lys opp for meg då eg såg ei fersk svensk doktoravhandling om korleis kvalitetsomgrepet på få år har vorte styrande i skulevesenet. Her vert det dokumentert korleis ei av fleire moglege tolkingar av kvalitetsomgrepet hadde vore med på å endra utdanningspolitikken i ei bestemt av fleire moglege retningar.

Den same kampen om kvalitetsomgrepet står i sjukehusdebatten, og den er for viktig til å bli overlate til Sosial- og helsedirektoratet og dei sentraliseringskåte fagmiljøa som helsepolitikarar altfor ofte skuvar framfor seg. Spørsmålet om kva som er god kvalitet, er minst like mykje politikk som fag.

God kvalitet for fødetenester skal visstnok vera store avdelingar med mange fødslar og mange gynekologar. Så kjem det tal, slik som rett før helga, som viser at mange små fødeavdelingar kan visa til betre resultat enn mange store. Så seier aksjonistar og andre rabulistar at det viktige er ikkje om ei fødeavdeling er stor eller lita, men om ho er god eller dårleg. Men då er svaret at dei små avdelingane er kanskje ikkje dårlege no, men dei kan koma til å bli det om nokre år, for dei er så lite robuste – eit anna trylleord. Så dei bør leggjast ned straks.

Paradokset er at eit meir og meir marknadsorientert helsevesen har teke opp dei verste sidene av marknadstenkinga, men ikkje dei beste. I næringslivet er det langt meir interessant om ei bedrift er god eller dårleg, enn om ho er liten eller stor. I næringslivet har kunden alltid rett. I helsevesenet har kunden aldri rett om kunden vil noko anna enn dei som styrer. Dei fødande kvinnene våre i Jostedalen og me som gjerne vil besøka dei på sjukehuset, er styrte av kjensler og manglande kunnskap og er i det heile ikkje heilt kloke når me ikkje skjønar at eit fødetilbod 1-2 timar lenger borte er betre for oss.

Men det er god kvalitet for oss. For oss er det god kvalitet at me faktisk rekk fram til Føden, og slik er det for ei stor mengd folk som no kjempar for lokalsjukehusa sine over heile landet.

Me i den gamle aksjonsgruppa i Jostedalen vil retta ein stor takk til dei tilsette på Lærdal sjukehus som har greidd å halda oppe eit sjukehustilbod med framifrå kvalitet trass i alle åtaka gjennom desse åra. Me vil òg retta ein varm takk til Bente Øien Hauge og alle andre eldsjeler i Forsvar Lærdal Sjukehus og Folkeaksjonen for lokalsjukehusa som har gjort eit politisk og fagleg arbeid av så høg kvalitet gjennom alle desse åra at me kjem til å vinna!

• Les appellen på Krundalsbloggen ved å klikke her eller på overskrifta