Alfred Bjørlo sin blogg: Sjukehus 2.0 for Sogn og Fjordane


Frå Alfred Bjørlo sin blogg, søndag 27. mars 2011

Sjukehus 2.0 for Sogn og Fjordane

Helse Førde sin modell for framtidas sjukehusvesen i Sogn og Fjordane, med ekstrem sentralisering av føde- og akuttilbod, står for fall. Det er på tide å tenkje Sjukehus 2.0 for Sogn og Fjordane.

Nylig gjorde Helse Nord eit prinsippvedtak om å ha eit desentralisert fødetilbod i Nord-Norge, fordi dei meiner det er viktig “.. med en spesialisthelsetjeneste som yter alminnelige tjenester nært der folk bor”. (sitat Bjørn Kaldhol, styreleiar Helse Nord).

Vedtaket blir neppe overprøvd av Helsedepartementet. Dermed er det etter alt å døme også spikaren i kista for Helse Førde sin strategi for å legge ned alminnelege spesialisthelsetenester nært der folk bur i Sogn og Fjordane, slik at langt fleire enn i dag i fylket får opp til tre timars reisetid til føde- og akuttilbod. Sjølv Statsminister Jens Stoltenberg trekte nylig fram kor viktig det er med kort reisetid til føde- og akuttfunksjonar, ved å skryte av at over 90% av Norges befolkning no bur mindre enn 1 time frå føde- og akuttilbod (Morgenbladet nr 3/2011, s 3). Dette er eit syn han deler med eit stort fleirtal av folk i Noreg, jmf ferske tal lagt fram av NRK i går

Slaget er nok tapt for Helse Førde-direktør Jon Bolstad og hans hoff. Eg kan aldri tenke meg at Regjeringa kan leve med å ha éin helsepolitikk for Nord-Noreg og ein heilt annan helsepolitikk for Vest-Noreg i så grunnleggande spørsmål.

Så er spørsmålet kva vi gjer i staden. Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde har heilt rett når ho seier at det må takast grep i spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane. Det er store utfordringar med økonomi, rekruttering og framtidig kvalitet vi ikkje kan sitje stille å sjå på. Eg har stor respekt for kor tydeleg styreleiar Clara Øberg har vore på dette. Det er ikkje mykje gale med diagnosen ho og styret dreg opp. Problemet er den einsidige og feilaktige medisinen dei til no har fått foreskreve frå eigen administrasjon.

No blir Jon Bolstad sin medisin snart tømt i vasken av Regjeringa. Som ein godt betalt og møblert toppleiar som har investert all si prestisje i modellen som no blir forkasta, reknar eg med at han raskt trekkjer den naturlege konsekvensen av det. Då er det mulig å tenke ope og nytt om framtidas spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane. Eg skal ikkje hevde å ha alle svara, men vil i alle fall dra opp nokre idéar og prinsipp eg meiner Helse Førde-styret no må ta tak i.

1. Offensiv strategi for rekruttering
Nord-Noreg og Sogn og Fjordane har ei felles utfordring med å rekruttere kvalifisert personell til sjukehusa, særleg legespesialistar. Det er likevel store skilnader på korleis helseforetaka tilnærmar seg utfordringa. Helse Førde har til no valt taktikken “tilbaketrekking og skremming”. Jon Bolstad vil bygge ned desentraliserte medisinske fagmiljø rundt om i fylket slik at det berre blir eitt middels stort fagmiljø att (Førde). Så går ein ut med skremselsretorikk i media om at fagmiljøa elles i fylket står for fall, er fagleg svake og "døyande respiratorpasientar". Den perfekte sirkelargumentasjon, det perfekte sjølvoppfyllande profeti.

Kva gjer ein i Helse Nord? Når Helse Nord no blinkar ut at dei ønskjer desentraliserte fødetilbod, seier styreleiaren følgande om korleis dei skal får det til: "Nå skal vi ytterligere intensivere arbeidet med å utdanne og rekruttere de fagfolkene vi trenger, Vi må ta lærdom av erfaringene fra rekrutteringsprosjektet i psykisk helsevern. Universitetssykehuset Nord-Norge Tromsø og Nordlandssykehuset Bodø vil ha en svært viktig rolle for å utdanne nye spesialister til landsdelen"

Med andre ord: Ein offensiv strategi for å møte framtida, framfor ein passiv. Og det virkar! Det er ein slik offensiv strategi som har gjort det mulig til dømes å bygge opp eit framifrå, fagleg spissa ortopedisk fagmiljø ved Nordfjord sjukehus, utan rekrutteringsproblem. Same type tenking har gjort det mulig å bygge opp Nordfjord Psykiatrisenter til eitt av dei mest innovative og fagleg kompetente psykiatrisentra i landet, utan rekrutteringsproblem for legespesialistar innanfor psykiatri. Og - for å ta eit sidespor - det er same type offensiv tenking som har gjort det mulig å bygge opp Lotteritilsynet i Førde, DiFi på Hermansverk, dei raskt veksande teknologiske fagmiljøa i næringslivet i Måløy osv.

Er du god, kjem dei beste, uansett om du har postadresse Førde eller ikkje.

Så utfordringa går til styret i Helse Førde: Snu om på heile dykkar tenking om rekruttering: Bruk røynslene frå fagmiljø som har fått det til. Legg frå dykk den gammaldagse forestillinga om at alt anna i Sogn og Fjordane enn Førde er ei øydemark som legespesialistar i beste fall kan tore seg ut i på dagsturar frå Base Camp ved Sentralsjukehuset.

2. Lokalsjukehusa som "nav" for samhandlingsreformen
Få, om nokon, veit nøyaktig kva samhandlingsreformen er eller korleis den skal rullast ut. Det vi veit, er at han betyr ei massiv overføring av helseoppgåver og helseansvar ned til kommunane - og at han er rett rundt hjørnet.

Dagens lokalsjukehus med akuttfunksjonar, slikt det t d er i Nordfjord, kan i staden for å slaktast, byggast opp til å bli det perfekte nav for gjennomføring av ei vellukka samhandlingsreform. Dagens kommunar er for små og har for lite kompetanse til sjølve å overta oppgåver i stor stil frå staten. Å ha eit fagleg sterkt helsemiljø med akuttfunksjonar i nærleiken, vil gjere det mykje lettare for kommunene å t d ta på seg krevjande, langvarig rehabilitering av gamle pasientar. Vi treng fleire legar innanfor geriatri/sjukeheimsmedisin. Desse, og alle andre typar legar i kommunehelsetensta, blir langt lettare å rekruttere med eit velfungerande lokalsjukehus med akuttfunksjonar som nav for kommunane. Eid Venstre har nylig utfordra Nordfjord-kommunane til å ta tak i dette i samarbeid med Helse Førde

Eit slikt samarbeid vil også kunne kutte kostnader, ved at ein unngår svindyre pleiedøgn for pasientar ved store sjukehus langt borte frå heimstaden.

Men dette krev at lokasjukehusmiljøa blir gjenreist som sjølvstendige, samla fagmiljø med heilskapleg ansvar for økonomi, rekruttering og fagleg utvikling. Fragmenteringa i ein "klinikkstruktur" der alt blir styrt via eit utal kommandolinjer frå Førde, må stoppast slik eg har skrive om i eit tidlegare blogginnlegg.

3. Samarbeid universitetssjukehus/lokalsjukehus
Hordaland Venstre la nylig fram spenstige tankar om sjukehusorganisering som også kan vere verdt å vurdere i Sogn og Fjordane. Kort fortalt foreslår dei m a at universitetssjukehusa skal ha eit fadderansvar overfor lokalsjukehusa, og plassere ut eigna sentraliserte funksjonar til lokalsjukehus. Det vil bidra til ei nødvendig avlasting av universitetssjukehusa og samtidig sikre sterke fagmiljø ved kvart enkelt lokalsjukehus. Det må óg leggast til rette for godt utdanningstilbod ved lokalsjukehusa, og utvikling av relevante forskingsmiljø. Les heile utspelet frå Hordaland Venstre her.

4. Bryt ned regiongrensene
Deler av Sogn har kortare reisetid til Voss/Bergen enn til Førde. Det blir stadig kortare avstandar mellom Nordfjord sjukehus og sjukehusa i Volda og Ålesund (som ligg i Helse Møre/Helse Midt, ikkje i Helse Førde/Helse Vest).

Eg trur det er mykje å hente på t d eit nærare samarbeid mellom sjukehusa i Nordfjord og på Sunnmøre, til pasientane sitt beste. Det er svært viktig at strukturane i helsevesenet ikkje blir laga ut frå kva som er best for Helse Førde eller Helse Vest, men ut frå kva som tener pasientane og folk i fylket best. Samarbeid og samordning er like viktig på tvers av regiongrenser som innanfor. Folk først.

Dette må takast på alvor og samordnast på ein heilt annan måte enn til no, i eit framtidig Sjukehus 2.0 for Sogn og Fjordane. At det også ligg effektiviserings- og innsparingsgevinstar i dette, er heva over tvil.

5. Gravlegg Helse Førde?
Heilt til slutt - viss ein skal ta omgrepet "Sjukehus 2.0" på alvor - må det også vere lov å stille spørsmål ved om ikkje tida er inne til å gravlegge namnet "Helse Førde". Eit namn gir assosiasjonar, og kan til og med vere med å styre retning og innhald.

Helseregionen skal tene interessene til heile Sogn og Fjordane. Det vi alle eigentleg ønskjer er eit "Helse Sogn og Fjordane", ikkje eit "Helse Førde". Når "Førde" no er i ferd med å bli eit skjellsord i Nordfjord på grunn av prosessane og konklusjonane Helse Førde sin topptunge administrasjon har trekt, er ikkje det bra for nokon, og djupt urettvist mot folk og bedrifter elles i Førde, samt mot dei tilsette flest ved Sentralsjukehuset.

Når vi no truleg får eit skifte i toppleiinga i Helse Førde, er kanskje tida inne for å byrje på nytt. "Helse Førde" kan gå over i historiebøkene. Fram kan kome eit nytt "Helse Sogn og Fjordane", med eit nytt namn og eit nytt innhald, der ein samarbeider på like fot over heile fylket, toppadministrasjonen ikkje ligg i skyttergravskrig med eigne tilsette og fagmiljø rundt om i fylket, og ein set seg nokre felles mål for framtida bygd på gjensidig respekt. Det vil ikkje kome over natta, men arbeidet må byrje no. Alternativet er at Sogn og Fjordane raknar som helseregion.
Det treng ikkje nødvendigvis vere den største ulukka som kan skje, men det må gå an å gjere eit seriøst forsøk på å unngå det. Loddet er kasta.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese innlegget på Alfred Bjørlo sin blogg