SV: Trygge helsetilbod – ikkje utan lokalsjukehus


FJORDABLADET – Eit godt, sikkert og nært sjukehustilbod er ei avgjerande livsnerve for busetnad og arbeidsliv i deler av landet. Innbyggarane har rett på eit likeverdig helsetilbod uavhengig av kor ein er busett, seier Hege Lothe, leiar i Sogn og Fjordane SV.

Møre og Romsdal SV, Sogn og Fjordane SV og Hordaland SV, i tillegg til Eid SV og Lærdal SV har gått saman om å fremje lokalsjukehussaka på landsmøtet til SV som går av stabelen denne helga. Tidlegare denne veka leverte dei tre fylkeslaga ein felles uttale i denne dagsaktuelle saka.

Likeverdig
– For å nå målet om eit likeverdig helsetilbod i heile landet, treng Noreg ein variert sjukehusstruktur. Lokalsjukehus med god breiddekompetanse kan ta seg av vanlege sjukdomar og skader samt normale fødslar. Større og meir sentraliserte sjukehus må gje tilbod om avansert og spesialisert behandling, seier Hege Lothe, leiar i Sogn og Fjordane SV og viser til at lokalsjukehus bør som hovudregel ha indremedisin, kirurgi, anestesi og støttefunksjonar innan røntgen og laboratorietenester samt eit føde- og barseltilbod.
– Beredskapen må sikrast døgnet rundt, året rundt. Rimeleg nærleik til sjukehus med fødetilbod og akuttberedskap er både god distriktspolitikk, kvinne- og familiepolitikk, næringspolitikk og miljøpolitikk, seier ho.

Fryktar for distrikta
SV fryktar for helsetenestetilbodet til befolkninga i distrikta dersom lokalsjukehusa blir bygd ned for å bli drifta med berre indremedisinsk beredskap. I tillegg til fare for liv og helse, risikerer ein irreversible negative verknader for arbeidsplassar og busetting i distrikta, industri og anna verksemd med krav til beredskap og rekruttering av fagpersonell til kommunehelsetenesta.
– Lange avstandar, geografiske- og topografiske tilhøve kan gjere pasienttransport i distrikta sårbar for ras og uvêr. Sjukehusa må difor liggje der folk bur og tilboda utformast etter innbyggarane sine behov, seier Hege Lothe.

Begge delar
– Utfordringane i helsesektoren framover, både med omsyn til medisinsk-teknisk utvikling, demografisk utvikling og innføringa av Samhandlingsreforma gjer at vi ikkje kan velje mellom nærleik og spesialisering – vi må velje begge deler. Dette må takast omsyn til når dei økonomiske råmene for helsetilboda vert fastsette, seier Lothe og legg til at etter intensjonane i Samhandlingsreforma skal fleire pasientar få tilbod nærare heimen.
– At lokalsjukehusa beheld akuttberedskap og fødetilbod på minimum dagens nivå er ein føresetnad for å byggje opp nye, desentraliserte tilbod, ikkje minst til dei store pasientgruppene som kronikarar og eldre. Dermed kan innbyggarane kjenne seg trygge, og helsetilbodet kan utvikla seg slik ein ynskjer, seier ho.

Framlegg
– Med bakgrunn i det eg allreie har sagt så oppmodar vi landmøtet i SV til å be departementet og regjeringa sikre eit likeverdig helsetilbod basert på eksisterande sjukehusstruktur. Vi ber òg om at Nasjonal Helse- og omsorgsplan (NHOP) inneheld ei klargjering av innhaldet i lokalsjukehusa. Eit vengjeklippa sjukehus er etter vår oppfatning ikkje lenger eit sjukehus, seier Lothe og legg til at den stadige debatten om nedlegging av etablerte helsetenester viser at helseføretaksmodellen ikkje fungerer.
– Endringar i sentrale helsepolitiske spørsmål som sjukehusstruktur, akutt- og fødetilbod må fattast direkte av folkevalde organ, seier ho.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta