Helseminister bomma på avstanden


NRK SOGN OG FJORDANE Helseminister Anne Grete Strøm Erichsen sa i går til NRK at køyretida mellom Stryn og Volda blir på 15 minutt når Kvivsvegen opnar.

Men Statens vegvesen skriv at køyretida blir 3 gongar lenger.

Helseministeren brukar opninga av Kvivsvegen som eit argument for å legge ned fødeavdelinga på Eid.

SP-politikar Margreta Navelsaker i Eid er rysta over argumentasjonen.

Helseministeren seier ho har oversikt over avstandane i Nordfjord og at sitatet er teke ut av samanheng.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta