Nordfjord: - Regjeringa sviktar totalt


FJORDENES TIDENDE Skuffa nordfjordingar rasar.

Det kom fleire hundre menneske til den spontane protestaksjonen fredag etter at vedtak om nedlegging av fødeavdeling og ortopediavdeling ved Nordfjord sjukehus var gjort kjend.

Initiativtakar Janne Endal Andersson hadde oppmoda folk til å samle seg, som ein reaksjon på vedtaket. Ho er skuffa og meiner regjeringa skuffar totalt.

- Regjeringa sitt slagord ”Fremtidens helsetjenester: Trygghet for alle” er ein dårleg aprilspøk. Vedtaket gjev verken framtidsretta helsetenester eller tryggleik til folket i Nordfjord, sa Janne Endal Andersson.

Ho sa at ein er sett 75 år tilbake i tid.
- Det er starta ei systematisk distriktsnedbygging av Nordfjord og Sogn og Fjordane: Det er ein sterk symbolikk i at Nordfjord sjukehus faktisk vart skjenka som ei gåve til folket i Nordfjord for 75 år sidan fordi liv gjekk tapt, sa Janne Endal Andersson.

William Henry Singer jr. i Olden finansierte det meste av Nordfjord sjukehus. Singer vart engasjert i helsestellet i distriktet då ein ven i Olden, hotelleigar Sivert W. Yri, måtte sendast heilt til Bergen med ei livstruande blindtarmbetenning og døydde på vegen dit. Dette er i fylgje Wikipedia.

- Regjeringa trossar 91 prosent av folket i Norge, som seier nei til sentralisering av akutt- og fødetenester, og AP har overkøyrt landsmøtevedtaka i regjeringspartia SV og SP. Kvar er demokratiet? På Jens sitt kontor, sa Janne Endal Andersson.

Seks år gamle Colin Tobias Challen og bestefaren Helge Bjørneset stilte med plakatar til støtte for Nordfjord sjukehus på protestaksjonen framfor Operahuset Nordfjord.

• Les saka i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskrifta

• Les meir om sjukehussaka i papirutgåva av Fjordenes Tidende måndag 4. april. Pdf-utgåva av avisa kan du kjøpa elektronisk, klikk her.