Tøff kamp for lokalsjukehusa


SOGN AVIS – Om dette ikkje har kosta blod, så har det i alle fall kosta både sveitte og tårer.

Det seier kommunalminister Liv Signe Navarsete etter at regjeringa i går la fram planane for det framtidige innhaldet i lokalsjukehusa, blant anna i Lærdal og på Eid.

Planane inneber ei omlegging av den forsterka fødestova i Lærdal til ei jordmorstyrt fødestove, men vidareføring av akuttberedskapen og ei styrking av ortopedien ved lokalsjukehuset. I tillegg er det løyvd fem millionar kroner til eit distriktsmedisinsk senter knytt til sjukehuset.

Tøffe forhandlingar
Navarsete legg ikkje skjul på at det har vore tøffe forhandlingar internt i regjeringa når det gjeld sjukehustilbodet i Sogn.
– Dei har vore tøffe på to plan. For det første ønskte eg å tilføra Helse Førde midlar slik at dei kunne oppretthalda og vidareføra det tilbodet som er ved sjukehusa i dag. Det skjer meg langt inn i hjarta å vera med på nedlegging av den forsterka fødestova og fødeavdelinga på Eid. Men når du sit som ein del av ei regjering, får du ikkje alt slik du vil 100 prosent. Når me såg at me ikkje fekk behalda fødetilbodet slik det er i dag, var det eit mål å få på plass andre element slik at lokalsjukehuset framleis kunne stå fram som eit handlingskraftig lokalsjukehus til beste for innbyggjarane i regionen. Det meiner eg me har fått til. I tillegg kjem eit lokalmedisinsk senter med eitt breitt tilbod av spesialisttenester.

Kommunane må diskutera
Ho meiner at dersom ein også får jordmødrer på plass til ei jordmorstyrt fødestove, så vil ein ha eit fødetilbod som er nær nivået ein har i dag.

– No vil det vera opp til kommunane i Sogn å bidra inn til ei slik fødestove. Samstundes skal det her også vera kontroll av gravide og tilbod om barseltida i Lærdal. Dette er ein prosess som kommunane må byrja å diskutera i dialog med helseføretaket, sier Navarsete.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta