Alfred Bjørlo sin blogg: Dilemma i ein politisk unntakstilstand


Frå bloggen til Venstrepolitikar Alfred Bjørlo, 8. august:

Etter hendingane i Oslo og på Utøya 22/7 har det vore politisk unntakstilstand i Noreg. Det er riktig og nødvendig. Likevel: Ut frå min ståstad som engasjert politisk person i Eid og Nordfjord er det sider ved den politiske unntakstilstanden som ikkje er heilt beinkløyvde.

Kva gjer vi når den kanskje mektigaste politiske aktøren i Sogn og Fjordane - Helse Førde - ikkje er omfatta av nokon politisk unntakstilstand, men tvert imot nettopp no driv politikk i rasande tempo? Eg har ingen enkle svar, men vil reise debatten og lufte mine tankar om saka.


Framtida for Nordfjord sjukehus har dei siste åra vore den altoverskuggande saka for folk i Nordfjord. Det er ei sak som betyr mykje for tryggleik, framtidstru og utvikling i heile regionen og ei sak som er politisk tvers gjennom, heilt opp til Regjeringsnivå.

Ved inngangen til sommaren tilspissa situasjonen for Nordfjord sjukehus seg. Styrefleirtalet i Helse Førde vedtok - etter "benkeforslag" heilt ut av det blå, utan føregåande saksutgreiing og mot røystene til alle medisinsk kompetente fagfolk i styret - å stoppe viktige deler av aktiviteten ved sjukehuset umiddelbart. Det er eitt år tidlegare enn alle fram til no har rekna med, og vart gjort fordi styrefleirtalet ville få sett raskt sluttstrek for at folk i Nordfjord og tilsette ved sjukehuset engasjerer seg i sjukehussaka (å engasjere seg for eige sjukehus er i følge styreleiaren i Helse Førde ein "energilekkasje"..).

Sist veke sende Helse Førde ut ei pressemelding der dei kunngjer at det frå 1. august - midt i vår sjølvpålagde politiske unntakstilstand - er forbode for legane å tilvise pasientar til ortopediavdelinga i Nordfjord. Alle pasientar skal frå no av med tvang frå Helseforetaket visast vidare til Førde, ei ortopediavdeling som har annan type kompetanse og driv med andre typar operasjonar enn avdelinga ved Nordfjord sjukehus. Dette er altså resultat av noko som er vedtatt over bordet på eit styremøte i Helse Førde - utan førutgåande administrativ utgreiing og mot røystene til alle fagleg kvalifiserte styrerepresentantar.

No gjennomfører Helse Førde vedtaket i praksis. Dei raserer nær sagt over natta ei av høgkvalifisert ortopedisk avdeling med eit stabilt fagmiljø, bygd opp over fleire tiår, og går i staden ut og lyser rundt om i Europa etter korttidsvikarar for innleige.

Og ikkje nok med det: Ved inngangen til sommarferien (7. juli) sette Helse Førde ned eit hurtigarbeidande "Nedbemanningsutval" for Nordfjord sjukehus. Utvalet fekk frist til utgangen av sommarferien (20. august) med å førebu ei omfattande nedbemanning ved Nordfjord sjukehus allereie hausten 2011, med mandat til å gjennomføre oppseiingar.

Når Helse Førde brukar sommarferien til å førebu "slakting" av fagmiljøa på Nordfjord sjukehus, er det fullstendig i strid med lovnader frå Regjeringa. Helseministeren forsikra i april at ingen tilsette ved Nordfjord sjukehus skulle miste jobben som følge av endringane i sjukehustilbodet som Regjeringa då vedtok. Tvert imot vart det lova frå Regjeringa eit eige "utviklingsprosjekt" ved Nordfjord sjukehus med 25 mill kr i "friske midlar" pr år i tre år skulle legge grunnlaget for ny aktivitet ved sjukehuset. Det er eit prosjekt Helse Vest og Helse Førde no etter beste evne prøver å tøme for innhald, og som det rett før 22/7 var ein heftig avisdebatt om mellom direktøren i Helse Vest og nestleiaren i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget (Kjersti Toppe, Sp). Toppe skulda der Helse Vest/Helse Førde for å handle i strid med Regjeringa sine vedtak om framtida for Nordfjord sjukehus.

Korleis skal vi som politisk engasjerte menneske i Nordfjord handtere Helse Førde si pågåande nedbygging av Nordfjord sjukehus, i strid med politiske lovnader frå Helseminister og Regjering, i dei vekene kor vi andre er i politisk unntakstilstand?

I ein normal situasjon hadde vi jobba døgnet rundt for å stoppe galskapen. Folkevalde og ordførarar i Nordfjord-kommunane hadde jobba inn mot Helse Førde og Helse Vest og sine kontakter i det sentrale politiske miljøet. Vi hadde stilt spørsmål og utfordra Helseministeren til å stå ved det ho lovde i april. Eg hadde personleg halde fram å ha ein offentleg debatt med Helseministeren sin rådgjevar Tord Dale som i ein samtale med meg kort tid før hendingane på Utøya kom med nye negativt lada, og etter det eg i etterkant har skaffa reie på, feilaktige påstander om aktiviteten ved Nordfjord sjukehus.

Ingenting av dette skjer no. Det kan ikkje skje. Det ville ikkje vere rett, og det ville vere fullstendig urimeleg å krevje at Helseministeren eller ordførarane i Nordfjord skulle ha brukt dagane i det siste på Helse Førde sine krumspring.
Likevel: Helse Førde har brukt sommaren effektivt. Dei køyrer fullt tempo i viktige omstillingsprosessar som er politisk høgst kontroversielle, burde vore avklart på regjeringsnivå før dei vart sett i gong og vil ha alvorlege, kanskje irreversible følgjer for vidare utvikling av Nordfjord sjukehus. Helse Førde er den kanskje mektigaste politiske aktøren i Sogn og Fjordane, men er ikkje omfattta av nokon politisk unntakstilstand.

Korleis vi som har politisk unntakstilstand skal forhalde oss til det, er eit spørsmål eg ikkje har noko godt svar på. Vi har neppe anna val enn å halde oss rolige fram til den 13. august, og i mellomtida utfordre media og andre i lokalsamfunnet til å følgje med i kva Helse Førde driv med.

Ein ting er sikkert: Slik Helse Førde køyrer løpet, vil sjukehussaka etter den 13. august kome attende for full musikk, også politisk. Alt Helse Førde gjer, skjer til sjuande og sist med løyver og fullmakt frå Regjeringa og Helseministeren, uansett kor omstendeleg ansvaret er forsøkt tåkelagt og splitta opp på vegen. Det som no skjer med Nordfjord sjukehus er utan tvil eit politisk ansvar. Sjølv om Helse Førde, den kanskje mektigaste politiske aktøren i Sogn og Fjordane, ikkje stiller til val.