Sogn og Fjordane: Gir nedleggingsprosess totalslakt


NRK SOGN OG FJORDANE – Prosessane har vore fagleg uforsvarlege og konsulentrapportane særs tvilsame, seier Endre Fjellestad om Helse Førde sin prosess rundt nedleggingane av lokalsjukehusa.

Endre Fjellestad har forska på strategiprosessen som har ført til kutt ved sjukehusa i Sogn og Fjordane.

Konklusjonen på masteroppgåva i strategi og leiing, som fekk toppkarakter ved Handelshøgskulen BI, er nådelaus.
– Dei analysane som er gjort, er heilt klart for dårlege til å kallast forsvarlege, seier 47-åringen frå Gloppen.

– Meiningslaust
Med 20 års erfaring frå toppjobbar i næringslivet i fylket, har Fjellestad ballast som fagmann. I masteroppgåva såg han nærare på bakgrunnen for dei mange tal og omstridde prosessar i den største saka i fylket på mange år.

Fjellestad meiner elementære sider av strategifaget er blitt heilt sett til sides av Helse Førde.


LES OGSÅ: Nekta helsesjefar å delta på møte

– Det blir meiningslaust å snakke om aktivitetar før dei aktivitetane skal føre til eit mål. Det blir meiningslaust å snakke om mål, før ein har ein strategi eller plan. Og det blir meiningslaust å ha ein plan, utan å ha ei hensikt. Føresetnaden om å snakke om organisering, er ikkje her, meiner han.

Hyra inn PWC
Då prosessen starta, hyra Helse Førde eitt av verdas største konsulentselskap, PriceWaterHouse Coopers, til å gjere analysejobben. Denne rapporten har fått ei veldig definisjonsmakt i debatten kring lokalsjukehusa.

LES OGSÅ: – Sjukehusa bør dele på oppgåvene
LES OGSÅ: Så mykje kostar ambulansane våre

Her kom det bastante konklusjonar om overkapasitet, økonomiske innsparingskrav i hundremillionarsklassen og ei klar tilråding om å sjå på sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane.

Fjellestad meiner folk ikkje har sett kor strategifagleg svak rapporten eigentleg er.

– Det er eit verdskjend selskap som er brukt her, som er det beste du kan tak i. Difor er det så vanskeleg å avsløre, seier Fjellestad.

«Stort er bra»
Rapporten har til dømes ikkje forankra i ein modell kva som eigentleg er verdiskapinga i Helse Førde. Konklusjonane i rapporten er i staden enkle, det som er stort er effektivt og bra.

Det er ikkje sett på korleis aktivitetane ved lokalsjukehusa heng saman med overordna planar, eller korleis aktivitetane på sjukehusa heng saman med kvarandre. Heller ikkje om pasienttilboda faktisk fungerer.

– Det burde vore ein tilfredsstillande analyse av aktivitetar og tilfredsstillande analyse av ressursar, meiner Fjellestad.

Manipulasjon?
I debatten kring lokalsjukehusa har mange skulda styret i Helse Førde for å manipulere prosessen.

Fjellestad meiner svaret på dette er nei, men meiner problemet ligg i at styret ikkje har kompetanse til å halde oversikt over ein slik prosess.

Han vil derimot ikkje svare på om det har vore manipulasjon inn mot styret.
– Styret bør ha kompetanse til å sjå om kvaliteten på det dei har fått på bordet er ok, seier han.

Grunngav ikkje
Eit døme er at PWC konkluderer med ein overkapasitet innan ortopedi, basert på at tre ulike sjukehus har tilbodet, men utan å grunngje kvifor. På same tidspunkt som rapporten kom, fann Fjellestad ut at det likevel var 500 dagar ventetid ved sjukehuset i Lærdal.

Det er direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, som vurderer og legg fram saker for styret.

Fjellestad vil likevel vere forsiktig med å henge bjølla på katten.
– Eg held meg berre til det som er offentleg kjent, og dei kjeldene som er på nettet. Kva som har skjedd i kulissane og i administrasjonen vil eg ikkje meine noko om, seier han.

Ikkje heile grunnlaget
Nestleiar i Helse Førde-styret, Jorunn Ringstad, meiner dei har skjønt rapportane som ligg på bordet. Og at nedlegginga av ortopedi og fødetilbod er godt nok forankra.

Ho ser ingen grunn til å stille spørsmålsteikn ved rapporten.
– Ingen, verken Helse Vest eller departementet har stilt spørsmål ved dei utrekningar som er gjort. Det PWC har gjort er ein del av det som ligg til grunn for strategiarbeidet, men det er på langt nær det heile og fulle grunnlaget.

PriceWaterHouse Coopers vil ikkje svare på kritikken frå Fjellestad. Partner Bjørn Hesthamar seier han står fullt inne for rapporten, men at selskapet sin politikk er å aldri kommentere ovanfor ein tredjepart.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta