Dåvøy (KrF) ber helseministeren granske det omstridde vedtaket om å leggje ned tre forsterka fødestover

Helsepolitikar ber helseministeren granske det omstridde vedtaket om å leggje ned tre forsterka fødestover



– Det overraskar meg veldig når eg høyrer statsråden trekkje konklusjonen om at vi skal legge ned dei forsterka fødestovene, når det i ettertid viser seg at dei ikkje eingong er medrekna i undersøkinga, seier Laila Dåvøy.
Dåvøy er helsepolitisk talsperson i KRF på stortinget. No ber helsepolitikaren helseministeren om å granske det omstridde vedtaket om å leggje ned dei forsterka fødestovene.


    Vedtak basert på uferdige tal

    Berre fire månader før nedlegginga sa nemleg direktør i helsetilsynet, Lars E. Hanssen, at forsterka fødestover er sårbare for dødfødslar. Dette var basert på eit talmateriale av alvorlege fødselsskadar i perioden 2006-2008, som på det tidspunktet ikkje var ferdig analysert.

    Fagrådet frå Statens helsetilsyn vog tungt for vedtaket om å legge ned dei tre forsterka fødestovene i Lærdal, Odda og Lofoten, trass i at tala frå undersøkinga enno ikkje var ferdig analyserte.
    I grunngjevinga for nedlegginga viste helseminister Anne Grete Strøm-Erichsen til eintydige råd frå fagmiljøa. Direktøren sin underordna i Statens helsetilsyn, Lars T. Johansen, vedgjekk tidlegare i veka at det ikkje er statistisk grunnlag i granskinga for å seia at forsterka fødestover er sårbare, slik sjefen hans, Hanssen, sa for eitt år sidan.
    – Talmaterialet er ikkje spesielt stort, og dersom vi skulle gjere ei findeling av materialet, kunne vi ikkje ha trekt konklusjonar av tala, seier Lars T. Johansen.
    Johansen i Helsetilsynet står bak den endelege rapporten.

    Kan ha feilinformert helseministeren

    –Sjefen for Helsetilsynet har stor påverkingskraft, og når han kjem med opplysningar som viser seg å vere feil, er det urovekkjande, seier Kjersti Toppe, nestleiar i helsekomiteen på Stortinget.
      Nestleiaren i helsekomiteen er sterkt kritisk til at direktøren i Statens helsetilsyn stempla dei forsterka fødestovene som sårbare for dødfødslar, når direktøren ikkje har grunnlag i talmaterialet han forankra uttalen sin i.

      Held på vedtaket

      – Råda frå fagmiljøa er eintydige. Både Norsk gynekologisk foreining, Jordmorforeningen, Helsedirektoratet og Helsetilsynet er einige i at forsterka fødestover bør avviklast, seier Tord Dale, politisk rådgjevar i Helse og omsorgsdepartementet.
      Departementet vil ikkje granske det faglege grunnlaget for nedleggingsvedtaket, slik opposisjonen krev.
      – Dersom statsråden har gjort eit vedtak basert på såkalla eintydige råd, som viser seg ikkje å vera så eintydige, har ho fatta ei avgjerd utan å ha full oversikt i saka, seier Laila Dåvøy.
      – Det er heilt riktig at noko statistisk signifikant har vi berre hatt mellom fødeinstitusjonar med over 1000 og under 1000 fødslar i året. Konklusjonen i vårt talmateriale er først og fremst at dei små fødeavdelingane er mest sårbare, seier Lars E. Hanssen, direktør i Helsetilsynet.
      Helsetilsynet står for konklusjonen om at fødeinstitusjonar som har mindre enn 1000 fødslar er meir risikofylte enn dei som har fleire, og at dette også innebar forsterka fødestover.

      – Dei forsterka fødestovene er sårbare

      – Risikofaktorane vi har identifisert i talmaterialet er til stades også i forsterka fødestover, seier Hanssen.
      Det er spesielt to risikofaktorar Hanssen har vore uroleg for.
      For det fyrste er det mykje bruk av vikarar og uvisse knytt til kunnskapen deira, og for det andre har gynekologane på desse fødeinstitusjonane hatt heimevakt, noko Hanssen meiner ikkje har vore forsvarleg.
      – Det som var det skremmande med undersøkinga var at i nesten alle tilfelle ved fødslane vi undersøkte var det risikofaktorar på førehand, og difor er det viktig at legane er til stades, slår direktøren fast.
      – Vi har sagt at vi må vere forsiktige med å trekkje bastante konklusjonar av materialet, men undersøkinga gir oss eit inntrykk av at dei små avdelingane, inkludert dei forsterka fødestovene, er sårbare. Det held vi fast med, seier Hanssen.

      Frp ber om skriftleg svar frå helseministeren

      Helsepolitisk talsperson i Frp, Per Arne Olsen, meiner Regjeringa kan ha lagt ned forsterka fødestover på sviktande fagleg råd frå Hanssen.
      – Direktøren i Statens helsetilsyn kan bevisst ha kome med fagleg ukorrekte råd i spørsmålet om dei forsterka fødestovene, seier Hansen.
      I brevet til helse- og omsorgsministeren stiller Hansen spørsmål ved kva slags faglege råd regjeringa baserte avgjerda om nedlegging på. Han meiner vedtaket ikkje har godt nok materiale å basere seg på.
      – Det er ikkje mogleg å trekke ein fagleg konklusjon om nedlegging på bakgrunn av denne rapporten, seier Olsen.

      • Les saka på NRK sine sider ved å klikke her